Huset dei låg og sov i blei smadra. Sjølv overlevde han etter å ha kjempa i ein time med vassmassane, men både sambuaren og sonen er framleis sakna.
- Alt skjedde veldig fort, og eg rakk ikkje å bli bekymra før det smalt, seier Hedenstad som er frå Lunde i Telemark.
Kjempa for livet
Etter at bungalowen var øydelagd, befant han seg i eit virvar, innestengd under vatn. Han kjempa for livet blant vrakrestar og bilar.
- Denne opplevinga må eg leve med resten av livet, men det blir bagatellar i forhold til det eg har mista, seier Hedenstad stille.
Etter at flodbølgja kom over Khao Lak har ikkje Hedenstad sett sambuaren Sølvi Devig eller sonen Oliver på tre år.
- Eg veit ikkje kva som har skjedd, eg er veldig usikker på om det har gått bra med familien min, seier han.