Hopp til innhold

Over hundre fråsegner om kraftlinje

Norges Vassdrags- og Energidirektorat - NVE - har motteke over hundre fråsegner etter at høyringsfristen om gigantkraftlinja gjennom fylket gjekk ut på fredag.

Kraftlinjer
Foto: Rainer Prang

Men overingeniør Siv Sannem Inderberg seier det er langt fram til det skal veljast trasé.

Ikkje vedtak no

I løpet av dei neste tre-fire månadene kjem NVE til å gå gjennom store bunkar med fråsegner. Men det skal det ikkje gjerast vedtak på om linja skal byggjast eller ikkje no. Det einaste dei vil gjere er å slå fast kva som skal utgreiast, korleis det skal utgreiast og i kva omfang det skal utgreiast. Difor er det framleis mogeleg for folk å kome med innspel.

Og difor er det usikkert kor lang tid det vil ta før det eventuelt blir noko av denne kraftlinja. For når Statnett har fått beskjed om kva dei må utgreie, må dei kome med søknad og ei omfattande konsekvensutgreiing. Dermed kan folk rundt om i kommunane bu seg på nye folkemøte.

- Går glipp av milliardar

 

Rune Nydal.
Foto: NRK

Småkraftprodusent Rune Nydal hevdar Sogn og Fjordane går glipp av milliardinntekter dersom linja ikkje blir bygd.

- Dersom vi meiner vi har bruk for auka verdiskaping i fylket, må vi ha linja.

Reknestykket til Nydal byggjer på NVE sine overslag over mogeleg småkraftutbygging her i fylket. Nydal legg til grunn at i løpet av nokre år kan vi bygge ut halvparten av dette. Det betyr nær to Terrawattimar - TWh. Så plussar han på ein TWh frå vindkraftprosjekta som er på teiknebrettet, og med dagens straumpris på vel 30 øre kilowatten, blir årleg verdiskaping frå nye småkraftverk og vindkraft ein milliard - berre ved å produsere straumen og selje han, Men då må vi ha linja for å få straumen ut i marknaden, og då må linja vere så stor, meiner Nydal.

- Alternativet vil vere å byggje fleire mindre parallelle linjer, kanskje tre-fire 132 kilovoltlinjer av den typen vi har i dag, men det blir ikkje mindre inngrep av det.

- Øydelegg storslått natur

 

Leder i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken
Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Men i Naturvernforbundet jobbar dei no med ein brei allianse i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal for å stogge linja, seier leiar Lars Haltbrekken.

Eitt av argumenta frå Naturvernforbundet er at linja vil øydelegge storslått og verna natur som er grunnlag for reiselivsnæringa i fylket. Men Nydal viser til at linjer av denne storleiken finst både i Hordaland og Møre og Romsdal.

- Dersom det var slik at slike kraftlinjer fører til nedgang i turisttrafikken, så skulle vi vel kunne lese det ut frå statistikkane i desse fylka. Så vidt eg kjenner til er det ingen som har sagt noko slikt.