Hopp til innhold

Over gjennomsnittet god veke for ein gründer

Torsdag lanserte Frode Steen ein avtale om å selje stikk-kontakten sin i Coop-butikkar over heile landet. Fredag vart han nominert til Årets Gründer.

Frode Steen

ARBEIDSPLASSAR: Frode Steen seier avtalen med Coop Vest sikrar at arbeidsplassane og pengane blir att i Sogn og Fjordane.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Gründerar kan ofte slite årevis utan betaling i verken merksemd eller pengar. Men slitet blir verdt det med ei veke som den gründeren frå Førde har opplevd.

– Eg er veldig glad, for nominasjonen til prisen er veldig viktig. Det betyr betydeleg meir merksemd enn normalt, og litt kreditt for alt arbeidet du har lagt ned, seier Steen.

Torsdag denne veka hadde Steen hadde lansering av produktet sitt, ein straumforgreinar med seks uttak for stikkontakt og to utgangar for USB-lading.

– Vi har fått til ein kjempebra avtale med Coop Vest om distribusjon av stikkontakten vår. Endå viktigare er det at Coop Vest får ansvaret for å distribuere våre produkt til alle Coop-butikkar i Norge. Då skaper vi arbeidsplassar her og legg att pengane i fylket.

– Meir fokus på bransjen

Dei fire andre nominerte Massiv Lust (Gaupne), nLink (Sogndal), GRS Riflestocks (Hornindal) og Loen Active (Loen).

Carsten Hovland i Massiv Lust, ei verksemd som omsette for 18 millionar i fjor, er svært glad for nominasjonen.

– Det er kjempefint å bli lagt merke til i nærområdet der vi held til, og eg håpar dette kan bety at folk får meir fokus på næringa og bransjen vi er i.

Opning av Massiv Lust AS Trond Giske Alexander Lien

STORFINT BESØK: Dåverande næringsminister Trond Giske opna Massive Lust i Gaupne sommaren 2013.

Foto: Anders Veberg / NRK

For Hovland er dagleg leiar for den einaste produsent av krysslimte massivtreelement i Norge. Vinnaren av prisen får ein premie på 100.000 kroner. Det blir også ein premiepott på andre og tredje plass, men kor mykje det er snakk om er enno usikkert.

– Ein slik pris kan kome godt med i ein situasjon der vi som gründerar ønskjer å profilere oss ytterlegare, seier Hovland.

Små lokale bedrifter – internasjonal suksess

Nominasjonen til Årets Gründer er viktig for å vise at det går an å skape internasjonal suksess for små, lokale bedrifter, meiner Oscar Haugen i GRS Riflestocks.

Dei produserer ergonomisk tilpassa geværskjefte, og har hatt stor framgang dei siste åra. Omsetnaden i fjor var på 12 millionar, og dei har 17 tilsette i Hornindal og ein i Tyskland.

– Vi har eit veldig internasjonalt fokus, og eg trur ikkje alle i regionen vår veit kva vi jobbar med. Eg trur nominasjonen kan vise det.

– Kor viktig er det for dykk å vise det?

– Det er spennande å få vise det fram. Det er viktig også for andre mindre bedrifter, for å vise at det går an å få til ting sjølv om ein bur i distriktet. Ein kan få til vekst og internasjonalisering sjølv om ein bur i distriktet og utkanten.