Hopp til innhold

Otoo kan vere på veg vekk

Mahatma Otoo vurderer no tilbod både frå norske og engelske klubbar. Thomas Drage er i forhandlingar om ny kontrakt, og er positiv til å bli verande på Fosshaugane.

Mahatma Otoo

PÅ VEG VEKK? Mahatma Otoo er klar på at han er klar til å flytte om det rette tilbodet for både spelar og klubb kjem.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Trenar Eirik Bakke og resten av støtteapparatet er i full gang med å leggje spelarkabalen før det rekordraske comebacket i eliteserien.

Eirik Bakke og Vidar Vadseth

NY SESONG: Eirik Bakke er allereie i ferd med å planlegge neste sesong, og vil gjerne behalde både Otoo og Drage.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi er i dialog med spelarar utan kontrakt, og er ute etter å forsterke oss, seier Bakke, som i går fekk første signering på plass med spissen Martin Ramsland (22) som kjem frå Strømmen.

Ekstra stor spenning er det knytt til framtida til Mahatma Otoo og Thomas Drage, som har imponert etter han kom inn på korttidskontrakt i sommar.

Otoo: – Eg har tilbod

NRK har vore i kontakt med Otoo. Spissen har lagt bak seg nok ein god sesong. Han har kontrakt med Sogndal ut neste sesong, men kan vere på veg vekk.

– Eg har tilbod både frå Norge og utanfor Norge. Eg kan ikkje seie meir enn det. Dersom tilbodet er bra for både meg og Sogndal så blir det kjent, seier Otoo, som er rask med å leggje til kor godt han trivst i Sogndal.

– Både klubben og folk i Sogndal har vore veldig gode mot meg. Men heilt sidan eg kom til Sogndal, har planen og fokuset vore å utvikle meg som spelar og tilpasse meg systemet i Europa, før eg gjekk vidare.

Eirik Bakke vil ha Otoo med opp i eliteserien.

– Han kontrakt i eitt år til, og han er ein flott gut vi sjølvsagt vil ha med vidare. Men det er fleire klubbar som luktar på han. Om det kjem klubbar med eit godt tilbod, kan det bli vanskeleg å behalde han, seier trenaren.

Thomas Drage med ballen i debuten for Sogndal

IMPONERT: Thomas Drage har imponert sidan han kom til Sogndal i sommar. Her er han under debuten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Drage: – Positiv til å bli

Ein annan som har blitt ein publikumsfavoritt er Thomas Drage, vingen som kom frå Tromsø i sommar og har starta alle 12 kampane sidan den gongen. Sogndal har tilbydd ny kontrakt.

– Det kan hende andre klubbar er på banen, utan at eg veit det. Men han er ein fin gut på og utanfor bana, som glir veldig godt inn i miljøet. Vi har lyst til å byggje vidare på det, seier Bakke.

Drage er ikkje avvisande til å bli på Fosshaugane, og seier agenten hans forhandlar med Sogndal om ny kontrakt.

– Har du tilbod frå andre klubbar?

– Ikkje konkrete tilbod, men nokre klubbar har vist interesse. Eg trivst godt i Sogndal, og er positiv til å bli, seier Drage.

Lars Kristian Kjemhus har signert ny toårskontrakt, og Bakke kan elles opplyse at Ulrik Flo ikkje er aktuell for Sogndal per dags dato, sjølv om Flo har trent med laget i det siste.