NRK Meny
Normal

Lei og frustrert - no er det slutt

Tommy Øren (30) legg fotballskoa på hylla. Sogndal sin opprykkshelt føler han manglar tillit frå trenar Harald Aabrekk.

Tommy Øren
Foto: Rune Fossum / NRK

– Dei signala eg har fått er at han er lunken til å ha meg med vidare. Eg har forstått det lenge, noko som gjorde valet mitt enkelt, seier Øren til Sogn Avis.

Han er klar på at når trenaren ikkje har eit stort ønske om å satse på han, er det ikkje store poenget i å gå på ein ny sesong.

Sende Vålerenga ned

Øren, som scora det avgjerande målet då Sogndal rykte opp og Vålerenga ned, ein novemberkveld i 2000, vende heim til Sogn før 2010-sesongen. Han hadde då bak seg fire sesongar i HamKam.

Men comebacket frå Sogndal har vore tøft for årdølen. Med Espen Olsen og andre angrepsspelarar i form, har Øren som spelar spiss og venstrekant fått få kampar frå start.

Berre i ni kampar har Øren spelt frå start.

Har sakna dialog med trenaren

Blant kampane Øren fekk tillit i, var den avgjerande opprykkskampen mot Fredrikstad, der han fastsette sluttresultatet 2-0. Men alt i den påfølgjande kampen, der Sogndal tapte mot Sandnes/Ulf, var Øren ute av laget.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal sin opprykksfest

FEIRA OPPRYKKET: Tommy Øren scora nok ein gong eit avgjerande mål då Sogndal sikra opprykket heime mot Fredrikstad. Men etter jubelkvelden har frustrasjonen hopa seg opp.

Foto: Tor Yttri

– Det tykte eg var rart. Det hadde vore heilt ok om eg hadde fått ei tilbakemelding på kvifor eg ikkje fekk spele, meg eg høyrde ingenting. Det er ikkje så lett å akseptere, og gjer det vanskeleg å motivere seg vidare, seier 30-åringen til Sogn Avis.

– Eg har fotballen i halsen

Øren fortel at han har sakna dialog med Harald Aabrekk og seier han ikkje har hatt ein fotballfagleg dialog med trenaren sidan i mai månad. No er det slutt.

– Punktum er punktum. Eg har fotballen i halsen no, for å vere heilt ærleg. Lysta til vidare spel - uansett nivå - er ikkje til stades, seier Øren.

Aabrekk: – For tidleg

Trenar Harald Aabrekk beklagar overfor Sogn Avis Øren si avgjerd om å leggje opp.

Harald Aabrekk

BEKLAGAR: Trenar Harald Aabrekk meiner han har hatt ein god dialog med Tommy Øren.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Mi personlege meining er at det er for tidleg, då eg meiner Tommy har fleire gode år igjen på fotballbana. Men eg skjønar det er vanskeleg viss motivasjonenikkje er til stades.

Aabrekk meiner han har hatt ein god dialog med spelaren.

– Eg har prata med Tommy om kva han måtte ta tak i for å komme inn att på laget. Han har fått konkret tilbakemelding, etter dette har det vore opp til han sjølv å sørgje for at det vart gjort, seier han til avisa.

Tommy Øren satsar no på å bli student. Målet er å få jobb innan barnevernet, i tillegg til trenarkurs.