Hopp til innhold

Ordføraren trur bygda vil klare seg godt utan ambulansetilbodet dei har i dag

KALVÅG (NRK): Ytre Bremanger står i fare for å miste det fullverdige ambulansetilbodet dei har i dag, men ordføraren meiner det nye tilbodet vil bli like godt – eller betre for innbyggjarane.

Anne-Mette Nesje

SJEKK: Anne-Mette Nesje jobbar i ambulansetenesta i Ytre Bremanger. Her sjekkar ho at alt utstyret som krevst, er på plass.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det er ein førebels ein roleg dag i ambulansetenesta i Ytre Bremanger. På dagtid er Anne-Mette Nesje og Alf Magne Svarstad på basen i Kalvåg, elles i døgnet er dei klare til å rykke ut heimanfrå.

– Det finst eigenleg ikkje nokon typisk arbeidsdag. Vi gjer daglege sjekkar av bilen, så tar vi dei turane som kjem, seier Nesje.

– På dagtid skal vi vere i bilen ganske kjapt når vi får utrykking. Men kommunen er langstrekt, berre herfrå til Svelgen går det ein time. Så det er lange avstandar, seier Svarstad.

Kalvåg er ein av to stader i kommunen der ambulanse er stasjonert, den andre står i Svelgen. Men i den prehospitale planen som no skal ut på høyring, er det foreslått betydelege endringar for ambulansetilbodet i Sogn og Fjordane. Då kan Ytre Bremanger miste det ambulansetilbodet dei har i dag.

Ikkje uroa

Prosjektgruppa har foreslått å setje inn ein ambulansearbeidar i døgnturnus i Kalvåg, som skal få assistanse frå personell i kommunen ved utrykking.

Ein fullt utstyrt ambulansebil skal stå klar til beredskapssituasjonar, der ein vil bemanne opp med ressursar utanfrå. I det daglege skal bilen brukast til å nå ut til pasienten – ikkje som fullverdig ambulanse.

– I utgangspunktet blir vi alltid bekymra når det er snakk om nedskjeringar og å ta vekk tilbod. Men eg tenkjer det kan bli ei god ordning og kanskje til og med betre enn i dag, seier Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H).

Han er ikkje uroa over at innbyggjarane i Ytre Bremanger skal få eit dårlegare tilbod med forslaget til Helse Førde. I spesielle tilfelle vil lege, politi og brannvesen bidra – som i dag, fortel han.

– Vakthavande lege vil alltid rykke ut også, så sant avstandane ikkje er for store. Og i akutte tilfelle vil det bli brukt helikopter som i dag, seier Røys, som trur ambulanseressursen kan bli enda meir til stades enn i dag.

– Ambulansearbeidaren skal ikkje forlate området. I dag har ambulansen transportoppdrag og er vekke frå Ytre Bremanger i lange periodar.

Audun Åge Røys

GODT TILBOD: – Eg meiner vi skal få på plass eit tilbod som er like godt som i dag, seier sitjande Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bekymra for responstida

I Hyllestad er sitjande ordførar Morten Askvik (Sp) langt meir uroa. Her er det foreslått å kutte døgnbilen i Lavik, noko som medfører at ambulansar frå Dale og Høyanger må rykkje ut til området døgnbilen i dag dekkjer.

Morten Askvik

UROA: Hyllestad-ordførar Morten Askvik (Sp) liker ikkje at høyringsutkastet foreslår å kutte ambulansen i Lavik.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi må jo sjå mot å betre responstida, ikkje svekke den. Det vil desse endringane gjere, sa Askvik til NRK då forslaget blei kjent.

Hyllestad-ordføraren fryktar endringane ikkje berre vil verke negativt inn for deira del, men for heile den sørlege delen av Sogn og Fjordane. Han vil stille krav til Helse Førde.

– Det blir å ha same tal bilar som i dag, og sørge for betre responstid enn i dag. Den er altfor låg og det kan vi ikkje akseptere.

Forskyver andre ambulansar

Tom Guldhav er prosjektleiar for prehospital plan fase 2. Målet med planen er å sikre ei prehospital teneste som er fagleg forsvarleg i framtida, fortel han.

– Krav om at tenestene skal organiserast slik at ambulansestasjonane har til stades-vakt gjer at kostnadene går opp, difor må ein gjere endringar i kor stasjonane ligg for å halde oss innanfor den økonomiske ramma.

Stasjonen i Ytre Bremanger er ein av dei som lågast tal oppdrag per år. Lavik-ambulansen har hatt ein del oppdrag i retning Bergen og vore flåtestyrt til andre område, fortel Guldhav.

– Tek ein vekk Lavik-ambulansen foreslår vi å trekkje dagambulansen på Skei ned mot Førde, så ambulansen der kan skyvast retning Vadheim og dekke Høyanger ved behov. På dagtid flyttar ein av ambulansane i Dale i retning Leirvik for å kompensere for endra responstider, seier han.

I tillegg vil ein «kvit bil» ta unna ein del oppdrag ambulansane i kommunane har i dag.

Er forsvarleg

Hyllestad-ordføraren er uroa over endringane. Har han grunn til det?

– Eg har forståing for at det skapar uro hos ordførar og befolkning når ein gjer endringar i tilbodet. Når tek bort tilbod, gjer ikkje tilbodet betre når det gjeld responstid. Men vi har berekna at forskjellane i responstid ikkje blir så store.

Guldhav seier dei meiner planen som no blir lagt fram for heile fylket, er forsvarleg.

– I Sogn og Fjordane har vi også ei helikopterdekning som skal brukast i akutt-tilfelle når det er lange avstandar i bil til pasienten, seier Guldhav.

Kommunane og andre får no kome med sine innspel til utkastet. I desember skal styret i Helse Førde gjere eit endeleg vedtak.