Hopp til innhold

Har 48 minutt ventetid på ambulanse – no kan dei måtte vente enda lenger

Folk i utkantbygdene i Sogn og Fjordane har risikert ei ventetid på inntil ein time for ambulanse. No kan ambulansetilbodet verte svekka ytterlegare.

Leirvik i Hyllestad kommune

LANG VENTETID: Hyllestad kommune er milevis unna Ambulanseforbundet i Delta si anbefalte responstid, i område med spreidd busetnad, på 25 minutt.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Helse Førde har no lagt ein plan ut på høyring, som fører til betydelege endringar for ambulansetilbodet i Sogn og Fjordane.

I den nye prehospitale planen vil døgnbilen i Lavik verte fjerna. Det betyr at ambulansar frå Dale og Høyanger må rykke ut til området som ambulansen i Lavik no dekkjer. Innbyggjarane i Hyllestad er avhengige av ambulansen frå Lavik, meiner sitjande ordførar Morten Askvik (Sp).

I følge Firda er det ei gjennomsnittleg responstid for utrykking av ambulanse på 48 minutt i Hyllestad. No kan sjå ut til at innbyggjarane må vente lenger på hjelp frå ambulansen.

– Eg må seie eg er svært skuffa over det som vart lagt fram av Helse Førde i dag. Me må jo sjå mot å betre responstida, ikkje svekke den. Det vil desse endringane gjere, og det sa Helse Førde i møte med oss i dag også, seier han.

Morten Askvik

REAGERER: Sitjande ordførar i Hyllestad, Morten Askvik, meiner det er hårreisande at Helse Førde ønskjer å kutte ned på ambulansetilbodet i kommunen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Askvik, som trur endringane vil svekke tilbodet i heile den sørlege regionen av Sogn og Fjordane, seier kommunen ikkje kjem til å gå med på endringane med det første.

– Me kjem til å setje oss ned og finlese rapporten og snakke med andre kommunar som er råka. Så skal me sjå kva krav me vil setje til Helse Førde. Det er openbert at dersom me skal få ei betre responstid, så kan me ikkje svekke tilbodet i tenesta, seier han.

I tråd med budsjettet

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, seier at det vil vert lagt stor vekt på å involvere kommunane i planen, no som den er ute på høyring.

– Kommunar og andre interessentar skal få høve til å stille spørsmål og kome med merknader til utkastet, seier han.

I Ytre Bremanger vert også døgnambulansen erstatta av ei teneste, der ein fast stasjonert ambulansearbeidar skal rykke ut i samarbeid med Bremanger kommune.

Styret i Helse Førde gjer eit endeleg vedtak i desember 2019.