Hopp til innhold

No er Balestrand-ordføraren optimistisk

Balestrand-ordførar Harald Offerdal (Ap) torer ikkje sleppe jubelen laus heilt enno, men meiner det ser lyst ut for likevel å få bygd ut naudnett i Høyangertunnelen.

Harald Offerdal

OPTIMIST: Ap-ordførar Harald Offerdal i Balestrand er optimistisk før møtet i fylkestinget tysdag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylkespolitikarane sa i første omgang nei til å byggje ut naudnett og DAB i den 7543 meter lange tunnelen mellom Høyanger og Balestrand.

Avgjerda har møtt mykje motstand, frå både naudetatane og lokalpolitikarar. I går samla fleirtalet i fylkesutvalet seg om å bruke 20 millionar kroner ekstra for å få naudnett i tunnelen.

– Eg er veldig glad for det vedtaket som er gjort, og håpar inderleg at fylkestinget følgjer opp, seier Offerdal.

Fryktar presedens

Det er tunnelforskrifta som seier at nye tunnelar med mykje trafikk skal utrustast med digitalt naudnett og DAB-dekning. Men forskrifta omfattar ikkje tunnelar med låg trafikk, slik som dei fleste i Sogn og Fjordane.

Fylkesrådmann Tore Eriksen hadde innstilt på å seie nei til naudnett. Han frykta det ville skape presedens, som ville gjere at dei må bruke millionar på å byggje naudnett i mange andre tunnelar.

Den uroa delte fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

– Vi må kunne forklare kvifor ein tunnel får pengar, medan andre ikkje gjer det, sa ho mellom anna under møtet i fylkesutvalet.

Høyangertunnelen

NAUDNETT: Fylkestinget skal i dag endeleg bestemme om det skal byggjast ut naudnett i den vel 7,5 kilometer lange Høyangertunnelen mellom Høyanger og Balestrand.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Liv og helse må telje meir

Ap-ordførar Harald Offerdal i Balestrand legg ikkje skjul på at han har lagt press på Ap sine representantar i fylkesutvalet. Han er svært glad partiet no har valt å snu.

– Eg har forståing for den vanskelege økonomiske situasjonen fylkeskommunen er i, men liv og helse må telje meir enn økonomi i dette tilfellet, seier han.

At eit ja til naudnett i Høyangertunnelen vil føre til at fylkespolitikarane også må leggje pengar på bordet for å få bygd ut naudnett i andre tunnelar er han ikkje redd for.

– Høyangertunnelen er såpass lang og har såpass store utfordringar at den ikkje er samanliknbar med andre tunnelar, så dette treng ikkje skape presedens, seier Offerdal.

Fylkestinget skal ta ei endeleg avgjerd i dag.

– Du veit aldri i dette gamet, men det ser lyst ut, seier Balestrand-ordføraren.