NRK Meny
Normal

Opprørsstemning i Nordfjord

Samtlege ordførarar i Nordfjord må setje seg på aller første fly til Oslo. Det krev aksjonistane som kjempar for lokalsjukehuset i Eid.

Nordfjord sjukehus
Foto: NRK

I går vedtok Helse Førde ein drastisk reduksjon i fødetilbodet i rein trass mot Soria Moria-erklæringa. Aksjonsleiar Knut Leirgulen er opprørt.

- I går kom det hardaste angrepet på sjukehuset i Nordfjord som vi har opplevd. Vi vil oppfordre alle ordførarane til å ta ein alvorsprat med ministeren, seier han.

 

Nordfjordingane er no eitrande sinte.

I brevet til ordførarane

 

Sende brev

Aksjonsleiar for lokalsjukehuset på Nordfjordeid, Knut Leirgulen, sende brev  i dag tidleg til samtlege sju ordførarar i Nordfjord.

-  I brevet står det at nordfjordingane no er eitrande sinte, og at no må ordførarane ta ansvar. Vi påpeikar i brevet at Soria Moria-erklæringa ikkje er verdt papiret den er skriven på om politikken til Helse Førde vert gjennomført, seier han.

Trassar Soria Moria

Vedtaket som reduserer fødeavdelinga i Nordfjord til ei rein fødestove - altså utan naudsynt legeberedskap - har gitt eksplosiv nytenning til sjukehusdebatten i Sogn og Fjordane.

Vedtaket trassar Soria Moria-erklæringa tvert. Regjeringspartia lova med reine ord at fødetilbod ved lokalsjukehusa skal vernast med alle middel.

- Vi er skulda for å svartmale situasjonen i sjukehusaksjonen. Men det er ikkje vi som svartmalar, det er jo den politikken som vert ført som gjer at heile situasjonen vert svart, seier han.

Stille frå ministeren 

Men Helse Førde må spare 60 millionar kroner i løpet av dei komande to åra. Både nærsjukehuset i Florø og fødestova i Lærdal er totalfreda av departementet - dermed må det kuttast andre stader. Berre Sylvia Brustad kan løyse føretaket frå fredinga - men til no har det vore heilt stille frå den kanten.

 

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.