Hopp til innhold

Opprettar etisk råd for skule og barnehage

For første gang i historia har barnehagelærarar, lærarar og leiarar i barnehage og skule no fått sitt eige etiske råd i Norge.

Tonning skule i Stryn

NYTT ETISK RÅD: Skular og barnehagar får no eige etisk råd. Arkivfoto av Tonnings skule i Stryn.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dette har vore på agendaen i Utdanningsforbundet i mange år, seier Steinar Strømsli, som er leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane.

Rådet som no er oppretta består av fem representantar frå lærarprofesjonen som har sitt daglege arbeid i barnehage, skule, støttesystem og lærarutdanningar, og fire representantar med annan relevant fagkompetanse.

Rådet er oppretta av sentralstyret i Utdanningsforbundet, men skal uttale seg fritt og vere eit rådgjevande organ i prinsipielle etiske spørsmål.

– Det skal ikkje vere noko sanksjonsorgan, men heller støtte opp om, og fremje verdiane i den etiske plattforma i lærarprofesjonen, seier Strømsli.

Ein av ni

Lektor ved Firda vidaregåande skule, Sine Charlotte Gade, er ein av ni rådsmedlemmer som er oppnemnde av Sentralstyret i Utdanningsforbundet.

Sine Charlotte Gade

SAL SITTE I ETISK RÅD: Sine Charlotte Gade, lektor ved Firda Vidaregåande skule på Sandane.

Foto: Privat

– Det er eit viktig bidrag til å få auka fokus på profesjonsetikk, seier Gade.

Gade er utdanna innan faga idehistorie, religion og samfunnsdag. I dag underviser ho i faga samfunnsfag, politikk, menneskerettar og sosiologi ved Firda vidaregåande skule på Sandane i Gloppen.

– Eg har også tidlegare undervist i Danmark i faga filosofi, vitskapsteori og religion. Så eg har ein fagleg bakgrunn som kan vere til nytte når det gjeld ein del av dei temaa som vi skal ta opp i rådet.

Barnas beste

Steinar Strømsli

SET FOKUS PÅ ETIKK: Steinar Strømsli er fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Rune Fossum / NRK

– I skule og i barnehage så jobbar vi i med barn. Det eine er at vi i skal lære fag, vi skal drive med læring. Barn skal oppleve leik og glede, og i det arbeidet med andre menneske er det viktig at vi har ein profesjonsetikk, seier Strømsli.

Han meiner det nye rådet vil gjere at ein blir meir medvitne på etikk i skule og barnehage.

– Eg tykkjer det er ein fin og spanande moglegheit å opprette eit slikt råd for å sette fokus på profesjonsetikk, seier Gade.