Fylkesveg 698 mellom Hennebygda og Hopland er 5,1 km lang og gir samanhengande veg på heile nordsida av fjorden mellom Stryn og Eid. For bygdefolket på nordsida har det i mange år vore eit ynskje om å binde saman vegane frå Lote til Hennebygda og frå Stryn til Hopland.
Fylkesordførar Nils R. Sandal klipte snora. MMS-foto Birger Meland NRK
Sandal opna og avslutta
Og i 2001 vedtok kommunane Eid og Stryn å gi ni millionar kroner, og fylkestinget fylgde opp med vedtak om å byggje vegen i perioden 2003 - 2005. Anleggsarbeidet vart sett i gang av fylkesordførar Nils R. Sandal, og no får han sltså æra av å opne vegen.
Første vedtak i 1915
Men draumen om veg langs fjorden er mykje lenger enn som så. Alt i 1915 og 1916 gjorde Gloppen og dåverande Innvik kommune vedtak om veg frå Faleide i Stryn via Lote til Nordfjordeid. Men det vart eit langt lerret å bleike. Vegbygginga har skjedd i rykk og napp frå 1927, og i dag er altså det manglande mellomleddet ferdig.
Fylkesordførar Nils R. Sandal vart køyrd standsmessig til opninga MMS-foto Birger Meland NRK
"Panoramaveg"
Vegen blir neppe mykje brukt som transportetappe for dei som skal fort fram mellom Stryn og Nordfjordeid, det går fortare langs riksveg 15. Men vegen er viktig for dei som bur på nordsida av fjorden, og kan og bli ein ettertrakta turistveg. Lokalkjende har døypt vegen "panoramavegen" på grunn av det fine utsynet.
30 millionar kroner
Vegen mellom Hopland og Hennebygda har kosta 30 millionar kroner. Hovudentreprenør har vore K.A. Aurstad AS. Ved opninga fredag var det først eit underhaldningsprogram ved Øvre Henden i Hennebygda, før fylkesordføraren opna vegen etter helsingar frå ordførarane Gunvald Ludvigsen og Nils P. Støyva, og orientering om anlegget av regionvegsjef Ole Christian Torpp.