Hopp til innhold

Opnar for trafo i Høyanger

Norges Vassdrags- og Energidirektorat -NVE - vil ha vurdert Høyanger som mogeleg tilknytingspunkt for den nye store kraftflinja som er planlagd gjennom fylket.

Høyanger
Foto: NRK

- Det er gledeleg og i samsvar med krav både frå Høyanger og Hydro, seier Høyanger-ordførar Kjartan Longva.

 

- Tryggare

- Vi føler oss mykje tryggare viss vi har den trafostasjonen i Høyanger. Vi har køyrt dette løpet saman med Hydro, og vi har sagt at vi godtek ikkje ein dårlegare leveringstryggleik til aluminiumindustrien enn det vi har i dag.

Få endringar

Utgreiing av ein stor trafostasjon i Høyanger som alternativ til den planlagde stasjonen på Moskog er ei av dei få endringane NVE har gjort i utgreiingsprogrammet for den planlagde store kraftlinja gjennom fylket etter at det har vore i departementet på høyring. Det er frå før kjent at dei har teke bort fleire av dei opphavelege linjealternativa, mellom anna på sørsida av Jølstravatenet og ein del alternativ gjennom Naustdal-Gjengedalsområdet.

Sjøkabel stadig aktuelt

Vurderinga av å legge heile eller deler av linja i kabel står også ved lag, men har fått litt endring. Det som i utkastet til utgreiingsprogram for tre veker sidan heitte sjøkabel ut Hyenfjorden/Nordfjorden, er meir speisifisert. No heiter punktet vurdere sjøkabel ut Hyenfjorden, medrekna ei kort vurdering av ein luftleidning ned til Hyen, og tilknyting til luftlinje på nordsida av Nordfjorden. Ut over dette er det ein del mindre endringar i krava til utgreiing knytte til landskap, biologisk mangfald, naturtypar osv.

Ny høyring

Det er Statkraft som no skal gjennomføre dei pålegga og utgreiingane som NVE ber om i utgreiingsprogrammet. Deretter skal saka ut på ny høyring med tilhøyrande folkemøte i dei råka kommunane.