Minister opnar for ny nasjonal flåttklinikk

Helseminister Jonas Gahr Støre opnar for eit nasjonalt senter som utreiar pasientar med uforklarlege og langvarige kroniske lidingar slik som borrelia.

Mange pasientar med langvarige, kronsike smerter meiner helsevesenet ikkje trur på dei. Fleire av dei som føler dei ikkje får hjelp søkjer heller behandling hjå Norsk Borreliosesenter i Nydalen. Men det private senteret er svært omstridt.

Mange får omstridt behandling.

I går fortalde NRK Vestlandsrevyen korleis mange av dei med slike lidingar ikkje blir

trudde i det offentlege helsevesenet.

Ein av dei er 14 år gamle Erlend Hallaren frå Solvorn i Sogn. For eitt og eit halvt år sidan vart han uforklarleg sjuk.

– Det verste var å ikkje bli trudd av legane. Dei skjønte ikkje at eg var sjuk, seier Hallaren.

Fekk hjelp ved omstridd senter

14-åringen gjekk i lang tid med store uforklarlege smerter. No er han byrja å komme seg til hektene, og han meiner hjelpa frå doktor Rolf Luneng hjå Norsk Borreliosesenter var avgjerande.

Men det å ikkje verte trudd når han var uforklarleg, alvorleg sjuk, var fortvilande for guten frå Luster.

Det har helseminister Jonas Gahr Støre forståing for.

– Alle har rett til å bli høyrde og til å bli trudde. Eg trur det er ei svært frustrerande oppleving å oppleve å ikkje verte trudd, seier helseminister Jonas Gahr Støre.

Fleire ønskjer nasjonal klinikk

Det er stor gruppe pasientar her i landet som har slike uforklarlege smerter gjerne i fleire år.

I førre veke var landets fremste innan behandling av flåttsjukdom samla, og fleire tok til orde for ein ny nasjonal poliklinikk

– Det forslaget har eg høyrt frå litt forskjellige sider. Eg har vore på sjukehuset Sørlandet som har mykje kompetanse på det, og som vurderer å be om å bli eit kompetansesenter. Men eg har også høyrt det frå andre stadar, seier Støre.

Han understrekar at dersom sjukehus ønskjer å bli kompetansesenter, er det noko som må søkjast om.

– Dei må presentere ei grunngjeving for kvifor dei meiner dei bør bli det, og så vil det bli vurdert på seriøst vis, seier Støre.

Klinikk vart tilrådd i 2009

I ei større utgreiing i 2009 vart det anbefalt å vurdere oppretting av ein slik borreliaklinikk på linje med kreftbehandling.

Leiar i Norsk Lyme- og borrelioseforening Gerd Berge meiner noko må gjerast.

– Det er ikkje alle som har borreliose. Det kan vere andre årsaker til sjukdom også, men dei må få hjelp til å finne ut av det, seier Berge.

Ho legg til at mange kjem til henne med historier som er vonde å høyre på.

– Eg høyrer mange tragiske historier om folk som vert nærast ledd ut av legen sin, ironisert med, eller får beskjed om å komme seg ut i skogen og springe ein tur, så blir det sikkert bra, seier Berge.