Hopp til innhold

Sogndal opnar mot tre av dei sterkaste konkurrentane

Sogndal opnar sesongen 2014 mot Stabæk, Sarpsborg og Bodø/Glimt. Lag som etter alle solemerke vil vere sterke konkurrentar om å overleve eliteserien.

Ulrik Flo

NYE FULLTREFFARAR: Ulrik Flo og Sogndal fotball er klare for nye utfordringar i tippeligaen i 2014.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Borte Stabæk 30. mars, heime mot Sarpsborg 6. april og borte mot Bodø/Glimt 13. april er som musikk i øyrene til sportsleg koordinator i Sogndal Fotball, Håvard Flo.

– Eg synes det ser bra ut. Det er klart at om ein ser på opninga så burde det vere mogleg å ta poeng i starten av sesongen. Men kampane skal jo spelast, og til sjuande og sist møter jo vi alle. Men utfrå oppsettet ser det bra ut, seier Flo til NRK.no.

Håvard Flo

GODT NØGD: Håvard Flo meiner at serieoppsettet for 2014 ser bra ut.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han er og særs nøgd med at Sogndal skal spele heime mot Brann tysdag 20. mai. Tradisjonen tru vil det bli ein folkefest, ikkje minst fordi det då framleis er mange studentar i bygda.

– Det blir nok ei flott ramme rundt den kampen, vonaleg også medmykje folk på stadion, seier Flo.

Han er og godt nøgd med at den siste seriekampen i 2014 blir heime mot Stabæk, ein kamp som fort kan bli avgjerande.