Hopp til innhold

Ønskjer ny utdanning i Dale

Den vidaregåande skolen i Dale kan få eit International Baccalaureate-tilbod, eller såkalla IB-linje, i samarbeid med UWC i Fjaler.

Arve Helle, Arne Osland og Trude Brosvik

ØNSKJER NYTT TILBOD: Fjalerordførar Arve Helle, Arne Osland som er utviklingsdirektør ved UWC i Fjaler og Trude Brosvik, leiar i HAFS regionråd, ønskjer ei IB-linje for elevar ved Dale vidaregåande skule.

IB-linja gir studiekompetanse til universitet over heile verda.

For Sogn og Fjordane ligg næraste IB-tilbod no i Bergen eller Ålesund, og planane om IB-tilbod i Fjaler blei i dag presentert av leiaren HAFS regionråd, Trude Brosvik.

– Vi vil at ungdom frå Sogn og Fjordane skal få den unike moglegheita til å komme inn i eit læringsmiljø som UWC er. Vi håper å få til ein IB på UWC sin konsesjon, utan at det kostar skjorta.

Håper på oppstart om to år

Det er snakk om eit tilbod til mellom 5 og 10 studentar etter at dei er ferdige med første året på vanleg allmennfag.

Målet er oppstart i 2013 og utviklingsdirektør Arne Osland ved UWC seier initiativet frå regionrådet passar som hand i hanske med UWC sine ønskje.

– Absolutt, for det ligg føre ein gammal ambisjon om å ta få IB for elevar i Dale. Dette kan leggje til rette for ei betre gjensidig forståing mellom dei to skulane.

– Vi må utnytte fordelane

Den vidaregåande skulen i Dale blir sett på som utsett når elevtalet i fylket går ned og politikarane må vurdere skulestruktur.

Eit internt høyringsnotat som NRK Sogn og Fjordane har fått tilgang til, viser at Fylkesdirektøren for opplæring meiner einaste farbare veg for framtida er å legge ned frå ein til fire vidaregåande skular her i fylket. Fylkeskommunen har sett i gang ein strategiprosess for å vurdere framtida til den vidaregåande opplæringa.

Vil utnytte fordelane

Timinga av forslaget er difor ikkje tilfeldig vedgår Fjaler-ordførar Arve Helle. Men han vil ikkje kalle forslaget ein redningsplanke for skulen i Dale.

– Men det er klart det er eit poeng i forhold til å styrkje skulen vår, at vi utnyttar dei fordelane vi har i lokalmiljøet. UWC er ein spydspiss og er noko heilt unikt. Det ønskjer vi å kople oss opp mot og gjere den meir attraktiv i framtida, seier han.

Brosvik meiner dette er ei utfordring til det politiske miljøet i Sogn og Fjordane.

– Dette er ei gåvepakke og eit unikt tilbod til engasjert ungdom, seier ho.

Hauglandssenteret og UWC i Fjaler.

UWC I FJALER: Skulen har om lag 200 årleg. UWC fører fram til internasjonal studenteksamen (BI), og driv undervisning med særleg vekt på miljøarbeid og menneskerettar.

Foto: Ottar Starheim / NRK