United World College

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


Engasjementet til sentrale personar i Norges Røde Kors førte til at det i 1987 vart gjort opptak til skiping av den internasjonale skulen Røde Kors Nordisk United World College.

Red Cross Nordic United World College RNUWC vart opna av Dronning Sonja i 1995, og kosta til saman 100 millionar kroner. Då hadde Norges Røde Kors, stat, fylkeskommune, Fjaler kommune og ei rad norske bedrifter skote til midlar.

Verdsgymnaset i Flekke tok det første året inn 104 studentar frå 65 land.

Skulen har sidan hatt 200 elevar årleg. UWC fører fram til internasjonal studenteksamen (BI), og driv undervisning med særleg vekt på miljøarbeid og menneskerettar.

Dronning Sonja har vitja UWC ved fleire høve, og er skulen sin høge vernar.

Les også om Hauglandsenteret.