Hopp til innhold

No må suksesstrenaren snart bestemme seg for om han blir med vidare i Sogndal

Kontrakta til Sogndal-trenar Jonas Olsson går ut ved nyttår. Men klubben ønskjer ei rask avklaring på om suksesstrenaren blir med vidare på laget.

Olsson

GODT NØGD: Jonas Olsson var svært nøgd med innsatsen til spelarane etter sigeren mot Viking laurdag.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Med fortid i mellom anna storklubben IFK Göteborg, vart det stilt store forventingar til Jonas Olsson då han 13. oktober 2011 blei presentert som ny Sogndal-trenar.

Og det er liten tvil om at eliteserieklubben er nøgd med den jobben Olsson har gjort. Laurdag var det ein svært nøgd Olsson som kunne konstatere at lagmoralen til spelarane var heilt på topp gjennom to omgangar då dei slo Viking 1-0 på Fosshaugane.

Nærmar seg avklaring

– Det denne sigeren seier er at det er ein jamn tippelaga og at vi har eit bra lag som gjer bra i frå seg. Alle står på for kvarandre og hjelper kvarandre til godt spel, sa Olsson til NRK.no etter kampen.

I Sogndal-systemet har han blitt kjend for sin nøkterne, men klare stil og han har lagt mykje vekt på å få inn rutinar for spelarane, både på og utanfor bana.

Men no nærmar det seg dagen for at Olsson må svare ja eller nei på om han vil halde fram som Sogndal sin hovudtrenar også i ein ny periode.

– Vi held på å diskutere

Då NRK snakka med Olsson laurdag ønska han ikkje å kommentere dette spørsmålet i særleg grad. Utover at han ikkje har teke noko avgjersle.

– Det har eg ikkje gjort enda, vi held på å diskutere, så vi får sjå. Det er ikkje bestemt noko enda.

– Men er det vilkåra i kontrakta eller kva familien vil som er avgjerande?

– Eg vil ikkje kommentere dette no. Det er viktigare at eg har kontrakt ut året og kan sjå fram mot dei komande kampane, sa Olsson.

Vil ha ei avklaring

Tor Arne Ness er styreleiar i Sogndal Fotball og står heilt sentralt i diskusjonane med Olsson om hans framtid i klubben. Han vonar at det kjem ei avklaring innan seriepausen etter Brann-kampen komande helg er slutt.

– Vi får ei avklaring på Jonas i løpet av eit par veker. Om det vert slik at Jonas ikkje forlenger avtalen vil vi bruke hausten på å finne ny hovedtrenar, seier Ness til NRK.no.

Jonas Olsson om siger over Viking

Jonas Olsson om siger over Viking