Hopp til innhold

Ole Henrik er Norges beste resepsjonist-lærling

Ole Henrik Stølen er Norges første noregsmeister i resepsjonsfag for lærlingar.

Ole Henrik Stølen

FØRSTE: Ole Henrik Stølen (19) med pokalen etter sigeren laurdag.

Foto: Tonje Katrine Johnsen

Det er første gong ein noregsmeister i resepsjonsfag for lærlingar er kåra. Konkurransen føregjekk på Smak 2017 på Lillestrøm frå onsdag til fredag.

Åtte kom til finalen. Deriblant den unge sogndølen som er lærling på Sogndal Hotell.

– Det har ikkje sokke heilt inn enno. Men pokalen står på rommet. Det er eit bevis på at eg vann, seier ein glad 19-åring til NRK.

Hotell i København

NM i resepsjonsfag er for alle lærlingar med godkjent lærekontrakt i Norge. 18 deltakarar konkurrerte, og åtte gjekk vidare til finalen fredag.

Før konkurransen vart lærlingane tildelt eit hotell i København som dei skulle representere. For å løyse finaleoppgåva var deltakarane nøydd til å forstå hotellet sin filosofi og drift.

Dommarane dømde mellom anna etter personleg oppførsel, kroppsspråk, kommunikasjon, sosiale ferdigheiter og effektivitet.

– Ikkje enkelt

– Dommarane meinte eg klarte oppgåvene på ein bra måte og at eg fylgde krava som dei stilte, seier Stølen.

– Var det vanskeleg?

– Dette er noko eg har øvd på lenge. Men eg skal innrømme at det ikkje var enkelt, seier den nybakte noregsmeisteren.

– Korleis gjekk finalen føre seg?

– Eg måtte setje meg inn i attraksjonar. Og korleis eg anbefalte attraksjonar i nærområdet. Så var det utsjekking, der eg måtte handtere eit tjuveri og ein rusa gjest. Gjestene var innleigde studentar frå teaterhøgskulen.

Totalt var det to deltakarar frå Sogn og Fjordane. I tillegg deltok ein lærling frå Gloppen Hotell.

– Er stolte

– Glad for å vinne?

– Ja, eg har fått mange gratulasjonar på Facebook. Det blir middag i kveld og ein fest når eg er attende i Sogndal i morgon, seier Stølen.

Salssjefen ved Sogndal Hotell er svært nøgd med lærlingen sin.

– Vi er utruleg stolte over Ole Henrik. Han jobbar veldig hardt. No skal han opp til fagprøven. Det trur eg han har stålkontroll på, seier salssjef Sigrid Bloch Helmers.