Informasjonssjef Lisbeth Hope Frugård I Hansa seier dei no legg ned produksjonen av andre kjeldevassmerke til fordel for Olden. Dermed blir Olden brevatn ytterlegare styrka som del av Hansa Borg Bryggerier.
Einaste vatn
I går vart det kjent at produksjonen av kjeldevatnet Christians ved Christiansands Bryggeri blir stogga. Årsaka er at Hansa Borg Bryggerier berre vil satse på Olden. For vatnet frå Oldedalen skal køyrast fram som einaste kjeldevatnet innan bryggerikonsernet. Til no i år har salet av Olden auka med om lag 40 prosent, for vatn rett frå breen er svært lett å markandsføre.
Ikkje nye arbeidsplassar
80 prosent av Olden Brevatn er eigd av Hansa. Resten er på lokale hender. No forventar dagleg leiar Atle Kvist yttarlegare salsvekst.
- Dette vil bety at volumet vil auke jamnt og trutt, seier Kvist, som likevel ikkje kan love fleire arbeidsplassar ved verksemda.