Hopp til innhold

Oddvar (88) har via livet til regnet

Inst i Sogndalsdalen har tre generasjonar Selseng målt nedbør sidan 1895. Men sjølv for ein driven regnmålar har denne sommaren vore i våtaste laget.

På garden Selseng inst i Sogndalsdalen har dei målt nedbør sidan 1895. Sjølv synest Oddvar Selseng regnet blir i meste laget.

SJÅ VIDEO: Oddvar Selseng (88) les av regnmålaren kvar morgon. Det har han gjort i 49 år. (Foto/redigering: Arne Stubhaug)

– Eg tykkjer det er litt trasig når det skal vere slik dag etter dag. Det hadde vore kjekkare om det hadde vore sol og fint. Då blir ein i betre humør, seier Oddvar Selseng.

I 49 år har han målt regnet inst i Sogndalsdalen. Sjeldan har sommaren vore våtare enn i år.

– Vi har hatt ein trist juli månad. Det har berre vore vind, kaldt og regn, og vi har hatt meir enn dobbelt så mykje regn samanlikna med ein vanleg juli månad.

Rapportert nedbør i 121 år

Uvêr og mykje regn har skapt problem på heile Vestlandet denne sommaren. Men Oddvar veit betre enn dei fleste at det er ikkje er første gongen sommaren har vore våt.

– Eg hugsar at i 1964 hadde vi ein dårleg sommar. Og i 1967 hadde vi ein dårleg sommar, så år om anna så blir det slik.

Etter at Selseng har lese av nedbøren, set 88-åringen seg kvar morgon ved datamaskina og gir sitt viktige bidrag til meteorologane og klimaforskarane. Ikkje éin dag har familien Selseng - bestefar og far til Oddvar, og Oddvar sjølv - svikta på dei 121 åra dei har drive vêrstasjonen.

– Det kjekkaste er når ein får beskjed om at det har vore ein stabil stasjon med levering av meldingar. Det viser at dei har teke det alvorleg, den jobben dei har teke på seg.

– Og du har teke det på alvor?

– Jau, eg har vel det.

Via livet til regnet

I daglegstova har Oddvar ein stol plassert slik at han enkelt kan følge med på korleis vêret er utanfor vindauget. Der har han i sommar sett mykje skodde ned langs dei våte liene.

Oddvar har via det vaksne livet sitt til å måle nedbør. Kor lenge han kan halde på med dette arbeidet, som han har trivest godt med, vil han helst ikkje gruble for mykje på.

– Det kan vere slutt i morgon det, men det tenker eg ikkje på. Eg tek ein dag om gongen, det er ikkje noko å spekulere på. Då blir ein berre i dårleg humør, og det treng ein ikkje vere, seier han og ler.