Hopp til innhold

Øberg avventar styremøtet

Styreleiar i Helse Førde Clara Øberg vil ikkje vurdere stillinga si no. Ho avventar resultatet av morgondagens styremøte.

Måndag krevde nestleiar i helsekomiteen på Stortinget, Rune T. Skjælaaen (Sp), at styret og administrasjonen i Helse Førde vurderer stillingane etter dei mange konfliktsakene rundt administrerande direktør Jon Bolstad. 

Men Øberg vil ikkje ta stilling til dette før det ekstraordinære styremøtet i morgon.

Kritikken har hagla mot administrerande direktør i Helse Førde Jon Bolstad i media den siste tida. Bolstad har vorte kritisert for møbelkjøp til over ein halv million kroner, tilsetjing av ekskollegaer frå Rælingen og påståtte trugsmål om å gje frittalande tilsette sparken.

 Nestleiar i helsekomiteen Rune T. Skjælaaen sa i går at han synest desse sakene er så alvorlege at både den administrative leiinga og styret i Helse Førde no må vurdere stillingane sine.