Hopp til innhold

Nytt søk etter sakna polakk

Politiet i Stryn har i dag sett i gang eit nytt søk etter ein sakna 35 år gamal polakk.

Leiteaksjon etter sakna mann ved Lovatnet

SPORLAUST VEKKE: Både før påske og i påskeveka blei det leita etter polakken. Politiet står framleis utan spor.

Foto: Arne Vik

Redningsdykkarar, miniubåt og sonar er sett inn i leitinga.

– Vi gjer eit nytt forsøk på å finne han i Lovatnet no når isen har gått. I tillegg skal vi også søkje gjennom elva ein gong til, seier politiførstebetjent Lasse Trosdahl til NRK.no.

Åtte personar deltek i leitinga som starta i føremiddag.

Forsvann 6. april

Den polske mannen var samen med fleire kameratar på Sande Camping då han vart meld sakna 6. april. Sidan har ingen sett mannen.

Helikopter, Røde Kors, politiet og Norske Redningshundar har leita etter mannen i terrenget i Stryn. I tillegg har dykkarar søkt i fjorden, men ingen har funne spor av polakken.

Utan funn

I påskeveka leita spesialtrena politihundar frå Bergen etter mannen i eit stort område utan å gjere funn.

Den polske mannen er 35 år, og snakkar berre polsk. Han er 175 centimeter høg, og då han forsvann hadde han på seg ei grøn fritidsjakke og dongeribukser. Polakken skal ha vore del av eit reisefølgje med dørseljarar.