Måndag og tysdag har spesialtrena politihundar frå Bergen søkt etter mannen i eit stort område utan å gjere funn.
- Nærområdet rundt Sande Camping er søkt gjennom fleire gonger, men utan resultat. No gjenstår eit systematisk søk i Lovatnet så snart som muleg når isen er borte, truleg like over påske,
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Den polske mannen var samen med fleire kameratar på Sande Camping då han vart meld sakna 6. april. Sidan har ingen sett mannen.
Helikopter, Røde Kors, politiet og Norske Redningshundar har leitt etter mannen i terrenget i Stryn. I tillegg har dykkarar søkt i fjorden, men ingen har funne spor av polakken.
- LES OGSÅ:
Sjølv om det denne veka er teke i bruk kriminalettersøkshundar har ikkje politiet mistanke om noko kriminelt.
- Er det nokon som kjem over spor etter den sakna polakken, er det viktig at dei straks tek kontakt med politiet, seier Trosdahl til Fjordingen.
Den polske mannen er 35 år, og snakkar berre polsk. Han er 175 centimeter høg, og då han forsvann hadde han på seg ei grøn fritidsjakke og dongeribukser.