Hopp til innhold

- Ikkje lenger noko redningsaksjon

Politiet har avslutta redningsaksjonen etter den sakna 35-åringen i Loen.

Leiteaksjon i Loen, Vegard Tonning (midten) er aksjonsleiar for Røde Kors
Foto: Arne Vik

Ein 35 år gamal polsk statsborgar har vore sakna sidan onsdag . Mannen er turist og det var reisefølgjet som melde han sakna.

Politibetjent Geir Olsen seier at dei har søkt i heile området utan å finne spor etter mannen.

- Dersom han framleis er i området, så snakkar vi ikkje lenger om ein person som ligg i terrenget og treng hjelp. Det andre er at han har reist frå området, seier Olsen.

Skal evaluere

Politiet vil no gå igjennom redningsaksjonen og sjå om det er ting dei ikkje har tenkt på.

Eventuelt om det er nye område ein bør søkje på, eller område ein bør søkje på nytt.

- Vi må følgje opp spor og observasjonar. Vi må gå på lokalbefolkninga og prøve å fange opp observasjonar eller dersom han gir lyd frå seg frå ein annan stad i landet eller i området, seier Olsen.

Ingen spor

Politiet har søkt etter mannen utan å finne spor etter han. I tillegg til politiet har Røde Kors, Norske Redningshunder og helikopter leitt etter den sakna turisten frå Polen.

Dykkarar har også søkt gjennom Lovatnet.

- Vi har ikkje noko spor å gå etter. Difor må vi halde begge moglegheiter opne, seier Olsen.

Den sakna mannen snakkar berre polsk og er 175 cm høg. Ved siste observasjon var han lett kledd, med ei grøn Ultimo-fritidsjakke og blå bukse.