Hopp til innhold

Nye hyblar skal lette bustad-presset i Sogndal

Med snorklipping, pomp og prakt, vart 144 splitter nye studenthyblar i Sogndal offiselt opna.

Liv Signe Navarsete opnar studentbustader

ETTERLENGTA: Sogndal har venta lenge på nye studentbustadar. I dag kunne Liv Signe Navarsete klippe snora for 144 nye einingar.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete hadde hand om saksa då dei tre nybygga med studenthyblar vart opna i Sogndal i dag. Heile 144 nye studentbustadar knytte til Høgskulen i Sogn og Fjordane, kan no takast i bruk i Sogndal.

– Vi har fått berre positive tilbakemeldingar, og nokre er veldig positive, seier direktør i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Randi Marie Sjøholt.

Ny studenthybel-blokk i Sogndal

BLOKK: Slik ser ho ut, blokka som skal huse om lag 150 studentar.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Lettar presset

Bustadmarknaden i Sogndal har i mange år budd på problem for studentane, og håpet er at dei nye bustadane skal gjere situasjonen betre for nye studentar.

– Dette har nok letta presset på bustadsituasjonen ganske kraftig. Det vil nok vere ventelister ved semesterstart i år, men det har vi alltid hatt, seier Sjøholt.

Sogndal skal no ha ein betre dekningsgard på studentbustadar enn byar som Oslo og Bergen.

Randi Marie Sjøholt

STOLT DIREKTØR: Randi Marie Sjøholt i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Framleis behov for private

Stortingsrepresentant for Senterpartiet Liv Signe Navarsete stod for den høgtidlege opninga av dei nye hybelbygga i dag, og ho er glad for at lenge etterlengta studentbustadar er på plass.

– Dette vil vere med på å hjelpe på bustadsituasjonen til studentane. Men det vil òg i framtida vere behov for at private stiller hus til disposisjon, seier snorklippar Navarsete.

Sjølv om dei nye studenthyblane vil påverke dei private utleigarane i Sogndal, meiner Navarsete at det er butilhøva til studentane som må prioriterast.

– Kanskje marknaden kan få litt tyn, det trur eg ikkje er så nøye. Folk skal ha skikkelege tilbod, det skal vere skikkelege hyblar. Å bu godt betyr mykje for å kunne jobbe bra.