Hopp til innhold

Nye arbeidsplassar i Høyanger

Produksjonen av ein ny type felg kan gje 40 nye arbeidsplassar i Høyanger.

Fundo
Foto: NRK

Kommunen vil no gå inn med fleire millionar kroner i utviklingsarbeidet ved felgfabrikken Fundo.

I går løyvde Hydro pengar til eit fond som skal skape arbeidsplassar. Ordførar Kjartan Longva seier noko av pengane skal brukast til felgprosjektet.

Lettare hjul

Arbeidet med å utvikle ein heilt ny felg ved Fundo har pågått ei stund. Prosjektet går ut på å lage hjul som er lettare enn dei som er på marknaden i dag. Det vil føre til at bilane vil bruke mindre bensin. Store kostnader gjer at pengane frå kommunen er viktige, og no er prosjektet eit steg nærare realisering, seier økonomisjef Arild Bårdsen.

 - Kommunen vil vere ein viktig medspelar, seier Bårdsen, som seier det er særs viktig å få prosjektet på plass. 

- Fundo er ei lita bedrift med lite marknadsmakt. Det betyr at vi må uvikle spesielle produkt for å vere interessante, seier Bårdsen.