Hopp til innhold

Fundo slit

Fundo Wheels i Høyanger vurderer no ulike tiltak for å hindre nye underskot.

 

I går var styret i Fundo samla for å diskutere kva som skal skje vidare i drifta.

Administrerande direktør Arvid Ullebø vil ikkje sei noko om konkrete tiltak framover, men understrekar at nedskjæringar ikkje er eit alternativ no.

Fundo Wheels gjekk med 2,6 millionar kroner i underskot i første kvartal av 2006.