Hopp til innhold

Nytt lån skal hjelpe Fundo

Fylkesrådmannen innstiller på at fylkeskommunen gjev Fundo Wheels i Høyanger eit lån på 15 millionar kroner.

For kort tid sidan fekk Høyanger kommune 10 millionar frå dei statlege omstillingsmidlane til ny aksjekapital i Fundo.

Både omstillingsmidlane og det fylkeskommunale lånet er med i ein tiltakspakke for å hjelpe Fundo over vanskane dei er oppe i. Fylkesutvalet handsamar lånesøknaden onsdag.