Ei politikvinne kledde seg som eit av vitna politiet har vore i kontakt med, og gått langs Kyrkjevegen til krysset til Veglo. Politiet håpar rekonstruksjonen vil hjelpe dei til å kome i kontakt med ein syklist dei lenge har etterlyst som vitne.
Syklisten skal vere observert i området der den 22 år gamle Anne Slåtten vart drepen den 6. juni. For omlag ein månad sidan gjekk ei politikvinne delar av ruta til Slåtten - kledd i same type klede som 22 åringen. Denne rekonstruksjonen gav ikkje resultat.
Politiet står framleis utan sikre spor i drapssaka.