Hopp til innhold

Ny nedtur for Hjelmeset

Odd Bjørn Hjelmeset og resten av det norske stafettlaget i langrenn gjekk inn til ein skuffande 5. plass under OL i Torino i dag.

Norge var 1.10,6 minutt bak vinnarlaget Italia, og var sjanselause på medalje.

- Vi hadde stor tru på gull før start, men det vart tungt for oss på dei siste to etappane, seier ein skuffa Hjelmeset.

I tillegg til Hjelmeset gjekk Jens Arne Svartedal, Frode Estil og Tore Ruud Hofstad på det norske laget