Hopp til innhold

Knuste rekorden opp Hafstadfjellet

Øyvind Heiberg Sundby (27) gjorde reint bord på dei to motbakkeløpa i Sogn og Fjordane denne helga. Opp Hafstadfjellet i Førde knuste han bestetida med over fire minutt!

Øyvind Heiberg Sundby og Merete Helgheim

VINNARAR: Øyvind Heiberg Sundby og Merete Helgheim hadde mest futt i beina opp Hafstadfjellet søndag ettermiddag.

Foto: Bjørn Kjønås

Arrangøren venta bestemann til toppen på 25 minutt, over tre minutt raskare enn under premiereløpet i fjor.

Og etter 24 minutt og 18 sekund spratt ein utflytta sogning så leikande lett over målstreken.

- Dette er ei heilt fantastisk tid! Vi vart overraska over kor fort det gjekk, seier Bjørn Kjønås som løpsleiar for motbakkeløpet i Førde.

Håpte på ny rekord

I lett overskya vestlandsvêr var det duka for motbakkeløpet Hafstadfjellet Opp for andre året på rad. Medan bestetida i fjor var på 28,20, håpa arrangøren at nokon skulle klare å knipe inn eit par minutt på denne.

Både dei meir veltrente og dei som reknar seg sjølve som mosjonistar hadde møtt opp i hopetal for å klyve opp på det vert rekna som Førde sitt mest populære turfjell.

I alt var det 64 konkurransedeltakarar som stilte til start, medan om 320 mosjonistar også tok seg opp Hafstadfjellet i løpet av dagen.

Motbakkane er mange og lange, og det var tøffe tak for dei som kjempa om bestetida. Akkurat då startskotet gjekk kom regnet, men det hindra ikkje dei beste i å få farten med seg oppover.

Vann motbakkeløp seinast i går

Ein mann hadde ekstra fart i beina, sjølv etter at han hadde teke ut ein del krefter på Molden Opp i går. Då slo han si eiga bestetid med 14 sekund.

Heiberg Sundby, som opphavleg er frå Leikanger, hadde aldeles ikkje brukt opp kreftene i går.

- Han sprang så lett. Han var lett i føtene, men så er jo dette også ein mann som satsar på motbakkeløp, seier løpsleiar Kjønås om vinnaren som representerer Tjalve IK.

Ny bestetid også for damer

Beste kvinne vart Merete Helgheim frå Gloppen FIK kom til toppen etter 29,29 og slo dermed damene si bestetid frå i fjor med nesten to og eit halvt minutt.

Det skal då og seiast at konkurranseløparane i år slapp å ha med seg ein sekk på 2,5 kilo.

- Men dette har ikkje så veldig mykje å seie for dei beste, det er nok verre for dei som er litt dårlegare førebudd, fortel Kjønås.

- Dette blir ein tradisjon

Etter to år med motbakkeløp opp det populære turfjellet i Førde er arrangøren klar på at dette vert ein årviss tradisjon.

- Ja, dette vert fast, det er heilt sikkert! Neste år blir det opp den nylaga bystien, så vi er allereie i gang med planlegginga, seier løpsleiaren oppglødd.