Hopp til innhold

Motbakkesuksess i Luster

Nykommaren i den lange rekka av motbakkeløp i fylket hadde vel 750 på startlista. - Ein knallsuksess, meiner løpsleiaren.

Det var lettskya fint ver og det som av løpsleiar Christian Prestegård vert rekna som perfekte løpsforhold i Luster i dag.

- Einaste minuset var kraftig vind på toppen av Molden, men likevel stilte 750 entusiastiske og begeistra deltakarar til start, fortel Prestegård.

Eit av dei største løpa som finst

Løpet går frå Tørvis Hotell i Marifjøra ved Lustrafjorden og like opp til Molden som ligg heile 1116 meter over havet. Løypa er på omlag 7 kilometer og er ifølgje arrangøren svært variert. Både med omsyn til underlag og stigningsprosent.

Det er første gang Molden Opp vert arrangert, og Prestegård som vert rekna som ein motbakkegeneral meiner arrangementet er eit av dei største innan motbakkeløp, allereie første året det vert arrangert.

- Mykje av æra for det skal Luster kommune ha. Dei har vist eit enormt engasjement, blant anna ved å oppmode alle tilsette om å vere med.

Også verksemdene i Luster stilte mannsterke under løpet, nokre stilte med opp mot 100 prosent av dei tilsette ifølgje Prestegård.

Bestetider på under timen

Sidan det var første året av motbakkeløpet i Luster vert arrangert hadde ikkje løparane rekordtider å slå. Men på førehand hadde arrangørane venta at dei beste skulle kunne kome seg opp på under timen.

(Artikkelen fortsetter under biletet.)

May Britt Buer vinn dameklassen i Molden Opp 2010

May Britt Buer frå Gular vann dameklassen i Molden Opp.

Foto: Anne Jenny Dvergsdal

- Vi trudde dei beste mennene ville nå toppen på rundt 50 minutt, og det klarte også Øyvind Heiberg Sundby frå IK Tjalve, seier ein nøgd løpsleiar.

Heiberg Sundby deltok i klassen for menn i alderen 23-24 år, og noterte seg med Molden opp si første bestetid på 50:23. På damesida var det May Britt Buer frå Gular som kom først til toppen, ho hadde tida 59:05.

- Molden Opp kan vekse seg veldig stort

I løpet av sommaren vert det arrangert 20 motbakkeløp berre i Sogn og Fjordane. Men løpsleiaren er skråsikker i si sak på spørsmål om Molden Opp har livets rett som motbakkeløp.

- Dette er eit veldig framtidsretta arrangement som kan vekse seg veldig stort. Eg har vore med på meir eller mindre det som er av slike løp i Norge, og eg har aldri før sett eit slikt engasjement, seier Prestegård.

Han har mange ord om arrangementet som han karakteriserer som prikkfritt.

- Ein knallsuksess, rett og slett.

Fullstendig resultatliste finn du på arrangørens heimeside.