Hopp til innhold

Småglissent opp Hafstadfjellet

André Haugsbø var raskast til toppen då motbakkeløpet Hafstadfjellet Opp såg dagens lys laurdag. Men det vart ein trang fødsel for det nyaste skotet på motbakke-stammen.

Hafstadfjellet Opp

FØRSTE GONG: Her går den første konkurransestarten på veg mot Hafstadfjellet.

Foto: Anne-Marie Kvitenes

– Det kunne ha vore meir folk, medgir arrangementsansvarleg Steinar Gram i Førde IL si friidrettsgruppe.

176 deltakarar

46 konkurransedeltakarar og 130 mosjonistar er ikkje all verda på Førdes mest populære turfjell. Eit fjell som ifølgje lokalavisa sist veke hadde 500 trimmarar sin signatur i boka som ligg i varden på toppen.

– Vi har nok ikkje marknadsført dette godt nok. I tillegg er motbakkesesongen på hell, seier Gram.

Tre menn under 30 minutt

Men dei som møtte opp, gav alt.

Tre løparar noterte seg ei tid under 30 minutt opp den nær fem kilometer lange motbakkeløypa.

Raskast av alle var langrennsløparen André Haugsbø (seniorklassen) frå Bygstad. Han tok seg opp på tida 28,20.

Harald Slettevold (klasse 35-39 år) frå Fjellhug/Vereide IL tok seg opp på tida 29,19, mens Martin Hegrenes (klasse 15-22 år) frå Førde, også han langrennsløpar i vintersesongen, hadde tida 29,50.

Raskaste kvinne var Audhild Hestad (seniorklassen) frå Gaular IL med tida 31,53.

Artikkelen held fram.

Hafstadfjellet Opp

FØRSTE KNEIKA: Konkurranseklassen tek fatt på grusvegen opp mot Hafstadfjellet frå Bruland.

Foto: Anne-Marie Kvitenes

Motvind og ryggsekk

Konkurransedeltakarane måtte ha ein 2,5 kilo tung sekk på ryggen. Dei siste svingane før toppen fekk dei også sterk motvind.

– Utan sekk og vind hadde nok bestetida blitt endå betre, trur arrangøren.

– Alt blir betre neste år

Trass færre deltakarar enn ein hadde håpa på, Gram er likevel godt nøgd med det som for friidrettsgruppa var eit testløp. Neste år skal det satsast for fullt på Hafstadfjellet Opp.

– Då blir løpet arrangert alt 18. juni, og vi får med oss moderklubben. Marknadsføringa blir noko heilt anna. Vi skal vere ute mykje lenger i forvegen, seier Gram.

Når juni kjem håpar han dessutan at den planlagde trappetraséen opp fjellsida frå sentrum er klar.

– Det var på tida at vi fekk til eit slikt løp i Førde. Vi har diskutert det i mange år, og skulle begynt for ti år sidan, seier sjefen for Hafstadfjellet Opp.

Hafstadfjellet Opp

ALVOR: Med blikk på pulsklokkene set løparane av garde.

Foto: Anne-Marie Kvitenes