Hopp til innhold

Ny meiningsmåling: To av tre mot bompengering

To av tre personar i Sunnfjord er mot bompengar for å finansiere vegar i og rundt Førde. Det syner ei meiningsmåling NRK har fått utført.

Bomring i Førde

TILRÅDD BOMPENGELØYSING: Det vert lagt opp til to bommar på E39, éin på vestsida før rundkøyringa ved Førde hotell, éin på austsida på Bruland aust for Farsund Bygg, på riksveg 5 ved sørenden av Klettentunnelen, i Angedalsvegen mellom Kyrkjevegen og avkøyrsla til Presteholten og på fylkesveg 484 ved brua Kronborg-Vie. Det er i tillegg lagt opp til ein sjette bomstasjon på brua som er planlagd mellom Halbrendsøyra og Øyrane.

Foto: Rambøll AS

Bent Are Hansen

MOT: Det blir mykje utgifter, meiner Bent Are Hansen.

Foto: NRK

– Eg trur eg er mot. Det blir dyrt å reise rundt i sentrum, seier Ellen Sezersoy, som NRK møter på eit kjøpesenter i Førde.

– Eg er mot, seier Bent Are Hansen. Eg tenker at det blir ugunstig for Førde. Det blir mykje utgifter for folk flest, som berre køyrer forbi.

Mange gjer som dei og tek bilen til Førde for å gjere julehandelen. Men om nokre år kan ein bompengering rundt handelsbyen gjere at både lokalbefolkninga og pendlarar må betale for det.

To av tre mot bompengar

Førdepakken er eit vegprosjekt for å betre tilhøva for gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken. Det vil også bli ei oppgradering av vegane i sentrum. Det skal finansierast med bompengar.

Norstat har på oppdrag for NRK spurd 400 personar i kommunane Førde, Flora, Naustdal, Fjaler, Gaular, Askvoll og Jølster kva dei tykkjer om det. 64 prosent er mot bompengane. 36 prosent for.

Blant dei som er mot bompengefinansiering seier 34 prosent prisen er ein viktig grunn: det blir for dyrt. Blant dei som er for seier 52 prosent at betre og tryggare vegar er ein viktig grunn.

Janne Linn Myren, som er i Førde med borna, er ikkje glad for bompengar. Men ho kan akseptere det.

Anne Lise Eikenes

MOT: Anne Lise Eikenes.

Foto: NRK

– Eg har pendla mellom Førde og Florø i mange år. Bompengar er ei stor utgift, men viss det betyr betre vegar er det vel greitt. Men i utgangspunktet er det sjølvsagt ikkje eit gode for oss, seier Myren.

– Eg er nok mot, seier Anne Lise Eikenes.

– Kvifor?

– Nei, altså. Vi har ikkje vore vande med å betale bompengar tidlegare, så kvifor skal vi gjere det no, svarar Eikenes.

Janne Linn Myren

GREITT: Stor utgift, men greitt om vegane blir betre, meiner Janne Linn Myren. Pendlaren var på handletur med borna.

Foto: NRK

Ikkje overraska over resultatet

Førde kommune ser ut til å vere delt på midten. I Flora kommune er 75 prosent mot bompengane. Det er ingen forskjell mellom kva menn og kvinner meiner.

Fleirtalet på 64 prosent i Sunnfjord samla sett, er altså mot bompengar for å betale for Førdepakken. Styreleiar i Førdepakken AS, Oddvar Flæte, er ikkje overraska.

– I ei meiningsmåling vil det alltid vere slik at visst du stiller spørsmål om å få ei ekstra avgift, så vil folk tenke seg om. Det positive er at både Førde kommune, alle nabokommunane og fylkestinget gjekk for Førdepakken. Og det var samrøystes, med unntak av Framstegspartiet.

Han meiner politikarane er godt skikka til å ta den avgjerda.

– Her får vil litt av skilnaden mellom det representative demokratiet, som får alle saksmoment føre seg, og den som berre får eit spørsmål: vil du betale bompengar eller vil du ikkje betale bompengar?

Førdepakken

VEDTEKNE PROSJEKT: 20 forskjellige prosjekt som skal finansierast gjennom bompengar i Førdepakken.

Foto: Fordepakken.no

Ulike tolkingar av resultatet

Framstegspartiet er framleis mot bompengane. Dei vil ikkje ha det, og har stemt mot både i kommunar og på fylkestinget.

Fylkesleiar i partiet Frank Willy Djuvik meiner dei andre partia går mot folkeviljen. Han seier dette bør vere ein tankevekkar for dei andre partia.

– Dette stadfestar jo berre tidlegare meiningsmålingar som og har vore tydlege. Dette er ein finansieringsmåte av vegprosjekt innbyggjarane ikkje ønsker. Her er dei andre partia på kollisjonskurs med innbyggjarane, og dei må tenke seg om.

Førde-ordførar Olve Grotle (H) skjønar at det blir protestar på bompengar.

– Det er ikkje overraskande med motvilje. Eg er også mot, eg likar ikkje bompengar. Men spørsmålet er kva alternativet er. Kva er alternativet til å finansiere Førdepakken med bompengar? Eg kan ikkje sjå alternativ. Derfor er eg for bompengar.

Han meiner motstanden i Førde har blitt mindre.

– Dersom ein samanliknar tala for to meiningsmålingar i Førde, viser den at andelen som er negative er stabil, medan andelen som er positive til bompengar har auka. Det har vore eit stemningsskifte i Førde. Eg trur det er fordi folk meir og meir ser at det er nødvendig å få ei løysing på trafikksituasjonen i Førde.

Olve Grotle

MANGE PROSJEKT: Førde-ordførar Olve Grotle meiner det ansvarlege er å ordne opp i trafikksituasjonen, og det meiner han dei gjer gjennom Førdepakken og bompengar.

Foto: NRK

Meiner dei har god forankring

Grotle meiner bompengar er naudsynt for å fullføre vegen, og han seier vegen er naudsynt for mindre køar og betre vegar.

– Dei ansvarlege politikarane må ordne opp i trafikksituasjonen, og det har dei gjort gjennom Førdepakken. Det har to forskjellige bystyre bestemt i Førde, og det har også nabokommunane og fylkestinget støtta. Vi har god forankring i det politiske miljøet, seier Førde-ordføraren.

– Men meiningsmålingar er eit uttrykk for folket si meining i ei sak: Bør folkemeininga ha noko å seie for om ein innfører bompengar eller ikkje?

– Eg vil meine at folk i Førde, og for den del i nabokommunane, har fått sagt sitt. Vi har hadde eit val i 2011. Det førre bystyret gjekk inn for bompengar, og har blitt skifta ut med eit nytt bystyre som med like stort fleirtal har gått for bompengar. Eg vil meine folk fekk seie si meining i førre kommuneval. Og det er ingen tvil om at bompengespørsmålet hadde nesten ingen påverknad på valresultatet for tre år sidan, seier Grotle.

Kampen er ikkje over

Førde kommune, fylkeskommunen og staten skal betale 150 millionar kvar. Resten, rundt ein milliard, skal bilistane betale, om Stortinget seier ja.

Bompengesøknaden ligg enno til kvalitetssikring, som skal vere ferdig i slutten av februar 2015. Skjer det, kan Stortinget greie å behandle saka til våren. Seier dei ja til våren, startar vegarbeidet neste haust, og bompengebetalinga våren 2016.

Frank Willy Djuvik seier Framstegspartiet lokalt og regionalt jobbar kontinuerleg for det skal ende med nei til bompengar, både opp mot sine eigne stortingsrepresentantar og sine folk i departementet, som sjølvsagt inkluderer samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

Frank Willy Djuvik

FRP-LEIAR: Frank Willy Djuvik

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dersom de vinn fram og det ikkje blir bompengar: Kan ikkje det stogge heile prosjektet?

– Nei, det trur eg absolutt ikkje. Det er fullt mogleg å realisere vegprosjekt utan å bruke bompengar. Regjeringa har sett av 70 milliardar kroner på eit infrastrukturfond, og i løpet av neste år kjem eit utbyggingsselskap som skal kunne realisere vegprosjekt på utsida av dei ordinære budsjetta.

– Men det kan i det minste utsette prosjektet?

– Nei, det trur eg ikkje. Dette er eit prosjekt der planprosessane er så utgreia, at eg trur ikkje vi ser for oss den store utsetjinga. Og om det skulle bli noko utsetjing, er det absolutt ei vi kan vere villige til å leve med, så lenge innbyggjarane i Førde og omliggande område sparar tusenvis i året i auka kostnadar, seier Djuvik.