- Kraftmangel i Møre og Romsdal krev snarast ei ny linje frå Fardal eller Aurland i Sogn til Ørskog på Sunnmøre, seier informasjonssjef Irene Meldal i Statnett.
Foto: Trond Isaksen, Statnett
40 meter brei gate
Denne store kraftlinja vil bandlegge eit mest 40 meter breitt belte gjennom to fylke.
Underskot på kraft
Møre og Romsdal får truleg eit kraftunderskot på sju terrawattimar, eller sju milliardar kilowattimar om fem år.
Det er årsaka til at Statnett no vil føre ei nye kraftlinje av største slag frå kraftproduksjonen i Sogn nordover tvers gjennom heile Sogn og Fjordane og halve Møre og Romsdal opp til Ørskog.
Arkivfoto: Rune Kjær Valberg, NRK
Uaktuelt med noverande linjer
Overføringslinjene skal etter planen vere klare til 2012. Linjetraseen er førbels ikkje oppsett, og bruk av eksisterande kraftgater skal også vurderast. Men informasjonssjefen i Statnett seier at det noverande linjenettet ikkje let seg forsterke tilstrekkeleg.
- Kabel i sjøen
Men leiaren i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, godtek ikkje ei slik ny, stor kraftlinje på Vestlandet. Han meiner linja bør leggast i kabel ut Sognefjorden og nordover langs kysten.