Hopp til innhold

NVE: Mildvêr fører til sterkt aukande fare for snøskred

Lågtrykk i kø gjer at faren for snøskred er sterkt aukande over store delar av Sør-Noreg.

Snøskred

SNØSKRED I AURLAND: På måndag rasa det ned fjellsidene i Gudvangen. Tysdag morgon rasa det på nytt.

Foto: FRODE TUFTE / PRIVAT

Mildt og vått uvêr gjer at fleire stadar må vinke farvel til det kalde vintervêret. Mildvêret som no er i emning har stor del av skulda for snøskredfaren.

– Vi er på faregrad tre som er betydeleg. Dette gjeld Sogn og Fjordane, Hordaland, Telemark og Hallingdal. Det er eit stort område i sør og vest som er råka av denne faregraden, seier Brigt Samdal, som er regionsjef i NVE.

Lågtrykka vil by på kraftig pålandsvind med mykje nedbør. Frå onsdag av vil vinden komme opp i full storm på kysten av Vestlandet. Vindauke gjer at faren for snøskred aukar fram mot onsdag.

– Det er dette vêromslaget som gjer at faren er betydeleg. Det er mykje snø fleire stader, og det er fare for våte snøskred. Dette vil vere ei stor utfordring framover, seier Samdal.

Snøskred

FAREGRAD TRE: NVE varslar faregrad tre fleire stadar i Sør-Noreg.

Foto: Skjermdump/ varsom.no

– Faregraden der flest mistar livet

Historisk er dette faregraden som tek flest liv i Noreg, meiner Samdal.

– Likevel er det framleis mange som legg ut på tur. Vi anbefaler at ein unngår brattare terreng enn 30 grader. Det skal lite til for å utløyse eit skred. Ha respekt for snøskredfaren, seier han.

På måndag rasa det ned fjellsida i Gudvangen i Aurland. Seinast på morgonkvisten tysdag rasa det på nytt.

– Det rasar titt og ofte her med oss, og så lenge det ikkje utgjer noko fare, er det eit vakkert syn, seier Frode Tufte i Gudvangen Utvikling.