Hopp til innhold

NVE avviser kritikken frå professoren

Professor åtvara mot flaumkatastrofe i Utvik. NVE meiner dei ikkje kunne hindra flaumen.

Oddbjørn Bruland sin eigendom vart øydelagd i flommen i Utvik

RASERT: Tomta til Oddbjørn Bruland i Utvik er rasert etter flaumen.

Foto: Anne J. Bruland

I august i fjor sende Oddbjørn Bruland ei bekymringsmelding til NVE og Stryn kommune. Han hadde sett Storelva i Utvik vakse seg stor på kort tid og etterlyste sikringstiltak i elva.

På måndag stod han midt oppi øydeleggingane som flaumen han frykta, hadde gjort i bygda. Han hadde ikkje trudd at det han føresåg ville slå til, berre eitt år seinare.

– Det er rart at det ein snakka om i fjor, inntrefte i år. Berre at det eg såg for meg var langt verre. Eg trur at om vassmengdene hadde vore større, så kunne heile bygda blitt vaska på sjøen, seier Bruland. Han er professor ved institutt for Vann- og miljøteknikk på NTNU i Trondheim.

NVE: – Kommunen sitt ansvar

NVE behandla saka og fulgte den opp med eit brev til Statens vegvesen, der dei ba dei om å gjere ei vurdering på bruene over elva. Aart Verhage er sjef for NVE sin skredseksjon, han seier dette er eit kommunalt ansvar. Han trur at ein flaum slik som den i Utvik er vanskeleg å forhindre.

– Det er vanskeleg å bygge ut sikringstiltak for å dimensjonere for noko slik. Skulle vi gjort det, så trur eg vi måtte ha bygd om heile Storelva og heile sentrum i Utvik, seier han.

Ordførar i Stryn, Sven Flo, seier at dei har løpande kontakt med NVE og at han ikkje kjenner til bekymringsmeldinga frå Bruland.

– Vi har jamleg og god dialog med NVE i forhold til tiltak i elvene her. Når det gjeld elva i Utvik sentrum er det gjort tiltak der for nokre år sidan. Det vil alltid vere eit spørsmål i ettertid om dei tiltaka vi gjorde var gode nok og det er ei evaluering vi vil ta saman med NVE.

Veg rasa ut i Utvik flaumen

KRITISK PUNKT: Brua over fylkesveg 60 i Utvik var eit av dei kritiske punkta, som Bruland meinte ikkje ville tole større vassmengder i bekymringsmeldinga han sende til kommunen og NVE.

Foto: Alf Vidar Snæland

Fryktar liknande flaumar

Dette er ikkje fyrste gong mykje nedbør gjer stor skade i dette området. På akkurat same tid i 2011 fløyma elvene over på Blakset, like over fjorden for Utvik.

– No var det Utvik i år, for nokre år sidan var det Blakset, Innvik kan vere neste. Det er mange vassdrag som må vurderast. Det er snakk om store verdiar og menneskeliv som kan gå tapt, seier Bruland.

Verhage i NVE er einig med Bruland, men seier at det er umogleg å sikre seg hundre prosent mot slike hendingar.

– Vi har hundrevis av desse bratte vassdraga med små nedbørsfelt her på vestlandet, og i dag har vi ikkje kapasitet til å sikre alle desse. Å skulle gjere det i nær framtid er ei umogleg oppgåve. Vi tek unna det vi klarar og brukar dei pengane vi har til disposisjon, så godt som mogleg, seier han.