Hopp til innhold

Her skal elevar ligge tett i tett

VEREIDE (NRK): For eit år sidan var det berre oske igjen etter gapahuken til elevane ved Nordfjord Folkehøgskule i Gloppen. No reiser det seg tre nye bygg høgt over Nordfjorden.

Byggjer gapahuk i Gloppen

FLEIRE ETASJAR: To av gapahukane er bygd som sovehus i to etasjar.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Teikningane er laga av NTNU-studentar frå fleire land i Europa.

To av gapahukane er bygd som sovehus i to etasjar. Det tredje bygget har hems oppe, og plass til sosialt samvær i underetasjen. Og i midten skal det vere fleire bålplassar, der alle kan samlast under kveldshimmelen.

– Det er kjekt å sjå at gapahukane blir reist. Det var ikkje så moro i fjor haust då alt stod i full fyr her, og gapahuken elevane brukte plutseleg var vekke, seier lærar ved Nordfjord Folkehøgskule, Per Momrak.

Tipsa av tidlegare student

Det var ein tidlegare elevar ved folkehøgskulen, som fortalde at høgskulen i Trondheim tok på seg slike prosjekt. Dermed tok folkehøgskulen kontakt.

NTNU-studentane hadde med seg teikningar til Gloppen, og i løpet av 10 dagar skal dei tre bygga stå klare.

– Det er ikkje alle som har ein arkitektteikna gapahuk i skogen, humrar Momrak.

Og det er eit internasjonalt miljø som er i gong med bygginga av gapahuken. Elevane kjem nemleg frå fleire land i Europa og frå Australia. Alle tek masterstudiet i Trondheim.

For eit år sidan var det berre aske igjen etter gapahuken til elevane ved Nordfjord Folkehøgskule i Gloppen. No reiser det seg tre nye bygg høgt over Nordfjorden. Teikningane er laga av NTNU-studentar frå fleire land i Europa. Foto: Gro Ravnestad, NRK

VIDEO: Bygga ligg mellom trea på Åsebø.

Kultursjokk for studentane

– Det er kjempeartig å få vere med å realisere, det ein har laga på teiknebrettet. Mange blir berre sitjande på teiknesalen, vi er privilegerte seier ein av studentane, Morten Mathisen. Han er utdanna tømrar, men studerer no arkitektur.

Mathisen er i full gong med å legge golv i ein av gapahukane på Åsebø på Vereide, medan lærar Passi Alto følgjer arbeidet frå sidelinja.

– Eg blir meir og meir overflødig undervegs, dei har teke full kontroll på bygging av gapahukane. Då blir det mi oppgåve å lage middag, smiler Alto.

Byggjer ny gapahuk

PRAKSIS: – Det er kjempeartig å få vere med å realisere, det ein har laga på teiknebrettet, seier ein av studentane.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Han fortel at nokre av studentane nærmast fekk kultursjokk då dei kom til Norge, for mange av dei har aldri høyrt om «allemannsretten» og at ein kan sove ute i det fri.

Dei tre gapahukane skal stå nokolunde klare til Passi Alto og resten av gjengen reiser heim på måndag. Då blir det folkehøgskuleelevane sin jobb å gjere gapahukane heilt ferdige.

– Dette skal bli ein flott samlingsplass både for folkehøgskuleelvane og for bygdefolk, avsluttar Per Momrak.

Byggjer ny gapahuk

SNART FERDIGE: NTNU- studentane hadde med seg teikningar til Gloppen, og i løpet av 10 dagar skal dei tre bygga stå klare.

Foto: Gro Ravnestad / NRK