Heile SommarLutt-sendinga kan du høyre her:
Levande radiosending
– Vi og Malakoff har lyst å prøve noko nytt etter ti år på sentrumsscena. Denne gongen satsar vi på å lage to levande radiosendingar med livemusikk frå dei ulike scenene, det blir artistgjester, og vi skal sjølvsagt ut og møte publikum, arrangørar og frivillige. Målet vårt er å lage god radio for alle, frå det som er blitt ein av dei største festivalane i landet.
Det sa programleiarane for sendinga Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro i NRK Sogn og Fjordane før det heile tok laust på Nordfjordeid.
– Eg gler meg veldig til å oppleve NRK Sommarlutt direkte frå festivalområdet i år. Eg trur på mange feiande flotte konsertar og intervju på direktesendt radio over to dagar på Malakoff18, svara festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff Rockfestival.
Stjernegjester
På fredag 20. juli gjekk heile dagsendinga til NRK Sogn og Fjordane direkte frå Malakoff mellom klokka 14 og 17. Der kom fleire av artistane som stod på festivalplakaten.
– Vi inviterer også publikum bortom for å få meg seg litt av sendinga eller berre for å slå av ein prat, seier programleiarane som gler seg til å møte blide festivalfolk på Malakoff. Sendingane går direkte frå eit eige NRK-telt som ligg mellom dei to store scenene på festivalområdet.
Livemusikk
Laurdagen vart altså livekonsertar frå Malakoff direkte i NRK SommarLutt-sendinga mellom klokka 14 og 16.
Der fekk lyttarane oppleve lokale artistar som Sofia Hyttedalen, Oselie og ikkje minst Eva Weel Skram live på scenene til Malakoff. Dei vitja også NRK-teltet som gjester. Det same gjorde Kjartan Lauritzen som avslutta heile festivalen. Til sist vart det også stemningsrapportar frå festivalområdet.