Hopp til innhold

Notorisk valdsmann fengsla etter blodig slagsmål i Askvoll

Den 27 år gamle mannen frå Sunnfjord har så mange valdssaker på seg at politiet ikkje såg anna råd enn å få han fengsla. Seinast sist helga skal han ha banka opp ein mann i Askvoll.

Mannen er sikta for vald mot i alt sju ulike personar frå 5. desember 2015 og fram til 22. juli 2017.

Sist laurdag var mannen involvert i eit slagsmål i samband med Skjærgardstreffet i Askvoll som enda med at ein mann i 40-åra måtte sendast til Førde sentralsjukehus.

Har avhøyrd fleire vitne

– Vi veit ikkje motivet for denne handlinga. Valdsofferet fekk moderate skadar og blei utskriven frå sjukehuset dagen etter, seier regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske.

– Det blir spekulert i om dette kan dreie seg om eit hemnoppgjer?

– Det er eit av fleire spor som har blitt nemnd i avhøyr.

Vald i narkorus

Måndag måtte 27-åringen møte i Sogn og Fjordane tingrett, der politiet kravde han varetektsfengsla i seks veker.

Politiet la fram ei sikting som mellom anna omfattar ei påstått kidnapping og ei rekkje tilfelle av vald.

– Valdsepisodane oppstår som regel når den sikta har vore rusa på narkotika. Han mistar då kontrollen og blir utagerande, heiter det i fengslingsavgjerda frå tingretten.

Ikkje svekka mistanke

Retten peikar på at han etter ein fengslingsperiode i desember 2016, ikkje har klart å slutte med valdshandlingar og rus.

Politiet fekk ikkje medhald i kravet om seks veker fengsling, men tingretten valde å fengsle mannen i fire veker.