Hopp til innhold

Nøringset gir seg som politikar: – Greitt å slutte før ein vert jaga på dør

Norvall Nøringset (SV) kan sjå tilbake på 16 år i fylkespolitikken. – Det er greitt at andre får sleppe til. Og så er det greitt å slutte før ein vert jaga på dør, seier han.

Norvall Nøringset

TAKKAR FOR SEG: Norvall Nøringset har ikkje tenkt å leggje band på meiningane sine, sjølv om han no gir seg som politikar. – No kan eg meine det same, utan å ta det same ansvaret, seier han.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

For han er det kjerneverdiane som heile tida har vore det viktigaste. Det å bry seg om andre, det å dele og å ta del i fellesskapet. Nøringset føler seg heldig som har fått fronta viktige saker, saker han brenn for. Men helst vil han tone ned sitt eige bidrag.

– For meg er det ikkje viktig å sette spor etter seg som person. Det er dei politiske spora som må sitte igjen, seier han.

Miljøsaka vekte engasjementet

Dei siste fire åra har han vore leiar i hovudutvalet for opplæring. Der har han måtta stå i bresjen for ei rekke tøffe kutt og nedleggingar. Men det var miljøkampen som gjorde at han i ung alder vart politisk engasjert.

– SV var heilt klart det beste alternativet på den tida. SV låg langt framme og var tidleg engasjert, seier Nøringset.

I si tid har han sett SV gå frå rekordhøg oppslutning, til i dag å liggje på vippen til å bikke under fire prosent. Det tek han ikkje for tungt, det er ein del av «gamet».

– Eg har vore med på oppturane, då må eg og takle nedturane, seier han.

Trur SV har sakka etter i miljøkampen

Årsaka til veljarflukta trur han skuldast at fleire parti har byrja å sanke stemmer på det som tradisjonelt har vore sterke SV-saker, som til dømes miljø.

– Eigentleg er vi seint ute her i Noreg med å få Miljøpartiet De Grønne på bana som eit eige grønt parti. Venstre har blitt flinke på miljø og til og med Arbeidarpartiet har byrja å snakke miljø. Eg seier velkomen etter og tykkjer det er flott at dei andre har byrja å sjå desse sakene.

– Kva saker skal då SV sanke stemmer på?

– Både kampen for miljø og menneskerettar er så viktige, at for meg er det ikkje så viktig kven som kjempar, berre vi er mange nok til å vinne dei, seier han.

Vil halde engasjementet intakt

Sjølv om han no gir seg i politikken, vil ikkje engasjementet forsvinne.

– Eg kjem aldri slutte å meine noko, om nokon trur det. Men no kan eg meine det same, utan å ta det same ansvaret.

Han innrømmer lett at han ikkje vil sakne dei tusenvis av sidene med dokument og konsulentrapportar som følgjer med i jobben. Men han vil sakne alle menneska han møter.

– På tvers av partigrenser møter du personar du trivst i lag med og blir glad i. Eg har krangla med mange og har vore hard i orda frå talarstolen. Men når vi møtast er vi gode venar og kan både ein øl og ein kopp kaffi i lag utan problem. Det er bra at det er slik, seier han.