Hopp til innhold

Fleire skular kan ryke når fylkeskommunen må kutte stort

Endå fleire vidaregåande skular vil bli lagt ned her i fylket, og regjeringa har skulda. Det meiner SV og Ap.

Sogndal, Hafstad og Dale vidaregåande skular

FLEIRE KAN RYKE: SV og Ap reknar med at skuledebatten no vil blusse opp igjen.

Foto: NRK

– Eg trur ikkje at nokon ein gong i sine villaste draumar og frykt hadde førstilt seg den typen nedskjeringar vi no står overfor. Det seier Norvall Nøringset som er skulepolitikar frå SV.

Den blå regjeringa vil kutte i overføringane til fylkeskommunen med 235 millionar kroner innan fem år. Nøringset meiner skuledebatten vil blusse opp att igjen.

– Den kjem. Spørsmålet er berre kor fort og i kva omfang. At noko må skje med skulestrukturen er heilt sikkert, dersom dette blir dei økonomiske rammene våre i åra framover.

Nye kutt

Norvall Nøringset

NYE KUTT: leiar for Opplæringsutvalet til fylkeskommunen, Norvall Nøringset (SV) forventar nye skulediskusjonar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

SV-politikaren er ikkje i tvil. Går regjeringa sitt framlegg til endringar i inntektene til fylkeskommunane gjennom vil endå fleire vidaregåande skular bli lagt ned.

I dag er det eitt år sidan gråtande elevar i Høyanger og Stryn tok imot meldinga om at fylkesrådmannen ville legge ned skulane deira.

Etter politisk dragkamp rauk skulane i Luster og på Vassenden, medan Høyanger og Stryn vart berga. Kanskje er det snart på an igjen.

– Vi sleit med å greie å kutte dei vel 50 millionane som vi gjorde i skulebruksplanen for å drive den skulen vi har. Når signala no er at vi ikkje berre skal kutte litt, men mykje meir, så ser ikkje eg at det er mogleg å klare drifta.

Dystre utsikter

Då politikarane handsama skulebruksplanen førre gong måtte dei finne minst 50 millionar kroner. No er utsiktene langt dystrare. Fylket hadde forventa ein nedgang på 32 millionar i overføringane innan 2017, men økonomidirektør Eli Nes Killingrød ser no at talet er 235 innan 2019.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Eli Nes Killingrød

STORE KUTT: Økonomidirektør i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Eli Nes Killingrød, orienterer fylkespolitikarane om revidert nasjonalbudsjett.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Skal vi skjere ned 235 millionar kroner på så kort tid så er det klart at det må inn alvorlege grep. Det kjem til å merkast for alle innbyggarane i Sogn og Fjordane.

På toppen av dette kjem det økonomiske tapet ved at det i framtida blir færre elevar i skulane.

– Det vil seie at når vi får ein mindre del av 16 til 18-åringane i landet, så får vi og mindre pengar ut av inntektssystemet.

Dramatisk

Hilmar Høl

DRAMATISKE KUTT: Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I Arbeidarpartiet er reaksjonane sterke på regjeringa sitt framlegg. Fylkesleiar Hilmar Høl meiner følgjene er dramatiske.

– Vi var budde på at noko kom til å skje med den blå regjeringa, men at det skulle vere så dramatisk hadde vel ingen førstilt seg.

– Det ligg mange skulestrukturdiskusjonar i dei 235 millionane vi no må kutte.

Rett å kutte

Jan Tore Sanner

STÅR FAST PÅ KUTT: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Men Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner frå Høgre meiner det er rett å kutte 235 millionar kroner, som er 10 prosent av fylket sitt budsjett.

I årevis har Sogn og Fjordane kome langt betre ut inntektsmessig enn andre fylke i landet, det er urettvist seier han.

– Slike omstillingar er alltid vanskelege, men det handlar om å rette opp urettferdigheiter, der andre fylke har blitt underkompensert gjennom svært mange år.

– Vis oss kva vi skal kutte

Som er leiar for Opplæringsutvalet til fylkeskommunen, opplever Nøringset stadig at fylket i konferansar, møter og rapportar blir løfta fram av sentrale styresmakter som eit fylke som lukkast spesielt godt innan skule. No fryktar han at mykje kan bli rive ned.

– Eg trur ikkje vi greier å ta så store kutt for å seie det enkelt. Då må dei i så fall fortelje oss kva vi skal kutte.