Noregs brattaste tilrettelagde sti opna

Stien over Lundeskaret vart opna med snorklipping og fiolin på toppen.

I dag blei Norges brattaste tilrettelagde tursti opna i Jølster. I to år har sherpaer frå Nepal jobba for å gjera stien opp Lundeskaret trygg.

VIKTIG: Vegen over Lundeskaret var i tidlegare tider den viktigaste ferdsleåra mellom Sogn og Sunnfjord.

– Eg kjenner lukkehormona ruser, dette gir meistring. Det er ganske kort avstand på kartet. Men ein kjenner det godt i beina, seier sekretær i Jostedalsbreen nasjonalparkstyre Maria C. Knagenhjelm.

Frå Jølster går vegen bratt oppover Lundeskaret, etter det må ein over breen før ein kjem ned i Fjærland. Det var i tidlegare tider både ei viktig ferdsleåre og ein møtestad for innbyggarane i Sogn og Sunnfjord. Knagenhjelm er stolt over stien.

– Det er den brattaste stien i heile landet som er tilrettelagt. Det er vi veldig stolte av. Det ser ikkje ut som ein kan gå her, men så lenge ein ser seg godt om så kan ein det.

Oddmund Klakegg (SP)

SNORKLIPPING: Jølsterordførar Oddmund Klakegg (Sp) klippa snora.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Fjellfolk

Mange fekk sin første tur opp trappene i Lundeskaret då stien vart offisielt opna fredag. Den nye stien er trygg, det kan fjellvandrarane takke sherpaar som har kome heilt frå Nepal for. Knagenhjelm fortel at sherpaane fann seg godt til rette i Jølster.

– Det er fjellfolk. Når dei har vore her så seier dei at dei føler seg som heime. Her høyrer dei elvene og ser fjelltoppane.

Dans og giftarmål

I tidlegare tider gjekk folk over fjellet med sauer, geiter og handelsvarer. På toppen møttest bygdefolk frå begge sider. Der kunne ein også finne kjærleiken.

– Der hadde dei dans og leik og moro. Bestemora mi fortalde at ho hadde vore med på dans her. Då dansa dei på svaberget så gneistane fauk rundt jarnhælane på beksaumskoa. Det er fleire fjærlendingar som vart gift med jenter frå Jølster, seier Anders Bøyum.