Hopp til innhold

Med handmakt i den stupbratte fjellsida legg sherpaene ny sti opp til Jostedalsbreen

Opp ei stupbratt fjellside i Jølster jobbar fire sherpaer frå Nepal med å gjera den gamle stien mykje tryggare.

I sommar blir det lagt steintrapper på endå ein gammal ferdselsveg opp til Jostedalsbreen.
Fire sherpaer har no teke fatt på den brattaste stien.

SJÅ REPORTASJEN: Den gamle stien opp Lundeskaret skal rustast opp.

Stien opp Lundeskaret i Jølster er truleg ein av dei brattaste stiane i Norge. Den fører opp til Jostedalsbreen, og i sommar jobbar fire sherpaer frå Nepal med å gjera stien tryggare.

Det er hundrevis av meter ned den stupbratte fjellsida på nedsida av stien, men samanlikna med Himalaya, der sherpafolket kjem frå, er det ganske puslete.

– Dette er ikkje særleg høgt, ler Dawa Nuru.

Sonam Tshering (t.v.) og Dawa Nuru

TRIVST: Sherpaene Sonam Tshering og Dawa Nuru (t.h.) trivst godt med arbeidet i Jølster.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Hender, spett og hammar.

– Dei er fantastisk flinke arbeidsfolk. Dei har det i hendene sine å jobbe med stein, og dette er ting dei er vande med frå heimlandet sitt. Dei evnar å sjå kva stein som passar inn her og der, dei formar litt på den, slår litt på den og får den til å passa inn slik at det blir veldig solid og bra. Dette arbeidet vil truleg liggja her i mange, mange år framover, seier Ole Runar Aabrekk, prosjektleiar i Utmarkressurs AS

– Dersom steinane ikkje er like ved der me treng den, så ber med dei på ryggen dit me skal ha dei, seier Dawa Nuru.

– Norge har eit rikt naturlandskap, så me saknar ikkje Nepal når me er her, smiler han.

Starta i 1906

Lundeskaret i Jølster opp mot Jostedalsbreen

BRATT: Det er ikkje arbeid for pingler, det sherpaene no held på med. For det er bratt opp mot breen. Veldig bratt.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Dette ser veldig bra ut, seier Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn.

– Dette er viktig arbeid, både som eit kulturminne slik at det ikkje skal gro att, men også for noverande og komande generasjonar som kan bruka desse flotte stiane.

Allereie i 1906 starta jølstringane å legge til rette for fotturistane. No er sherpaene på plass for å fullføre jobben.

– Denne delen av stien vart bygd i 1906. Det vart sprengt ut, laga steintrapper og sett opp enkle vaierar langs stien. Då fekk jølstringane som gjorde det 800 kroner for 800 dagsverk, seier ho.