Hopp til innhold

Nordmenn sperrar oftast vegane

168 gonger denne vinteren har vogntog sperra vegar på Vestlandet. Ofte er det dei utanlandske sjåførane som blir peika ut som syndebukkar.

Dette vogntoget fekk problem opp Halbrendslia og måtte legge på kjettingar.

NORSK: Tal frå Statens Vegvesen viser at det er norske vogntog som står for hovudtyngda av stengde vestlandsvegar.

Foto: Heidi Lise Vogntog / NRK

Men tal frå vegvesenet viser at i fleirtalet av tilfellene i år, er det dei norske sjåførane som har skulda.

- Dei norske må lærast til å tilpasse farten kanskje litt meir etter forholda, køyrer kanskje litt lengre utan å legge på kjettingar og får då større problem når uhellet først er ute, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens Vegvesen.

- For tøffe krav

Tittelen "Utanlandsk vogntog sperrar veg" har vore mellom dei mest brukte overskriftene denne vinteren. For første gong har Statens Vegvesen sett på kven som stengjer vegane i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Tala viser at i 46 av 78 stengingar etter jul, så var norske vogntog involvert.

Avdelingsdirektør i Statens Vegvesen, Nils Magne Slinde trur tøffe leveransetider kan vere årsaka til at sjåførane firar på forholdsreglane.

- Kanskje vi som kjøper tenester av dei norske transportørane, ikkje må vere så tøffe i krava vi stiller til leveransetidspunkt, seier Slinde.

- Naturleg

Med flest norske vogntog på vegane, meiner fylkesleiar i Norsk Lastebileigarforbund, Per A. Øren, det er naturleg at norske vogntog oftast stengjer vegane. Samanlikna med utanlandske, er norske vogntog overrepresenterte på vegane.

Han er usamd i Slinde sine påstandar om at dei norske vogntogsjåførane slurvar og meiner dårlege vegar er hovudgrunnen til at både norske og utanlandske førarar hamnar i ulukker og uhell.

- Det er eit kjempeproblem med så dårlege vegar og så dårleg vedlikehald som det er rundt omkring. Så fører det både til utforkøyringar, stogg, ras og alt mogeleg, seier han.