Hopp til innhold

Hektisk vinter for bilberginga

 

gfdafsd

Denne vinteren har vore svært travel for dei som driv med bilberging. Førde bilberging har på det meste hatt 52 oppdrag på ein dag. Ved Viking i Lærdal har dei berga åtte vogntog ein vinterdag.

polsk vogntog i grøfta

I GRØFTA: Eit polsk vogntog trengde hjelp.

Foto: Øystein Torheim
Vogntog fast i Stigedalen

KOM SEG IKKJE OPP: Dette vogntoget i Stigedalen måtte ha hjelp.

Foto: NRK-tipsar
Vogntog i grøfta på Reed

UTFOR VEGEN: Også dette vogntoget hamna i grøfta.

Foto: Jan Magnus Aabrekk

Ei av årsakene til den auka arbeidsmengda for bilbergingsselskapa er vinteren vi har. Den starta tidleg, og det har vore mykje snø mange stader. Dermed har mange bilar hamna i grøfta eller køyrd seg fast.

Må dra vogntogae opp fjellet

I januar hadde sjåfør Anders Frydenlund ved Viking Lærdal omlag 60 oppdrag som gjaldt store køyretøy. Han køyrer for Vang Autoservice og dekkjer Hemsdalsfjellet og Hol-Aurland til fylkesgrensa, og har også oppdrag på Filefjell.

– Det er både norske og utanlandske vogntog, men det er nok eit fleirtal av dei utanlandske.

Dei fleste oppdraga har gått på å dra bilar opp fjellet og å dra opp dei som har hamna i grøfta.

Prisen på eit oppdrag varierer frå 5000 til 50 000 kroner.

– Det går sjølvsagt på kva som har skjedd, kor langt vi må køyre og kor mange timar som trengst. Det er dyrt å berge eit vogntog som har velta, seier han.

Flest utanlandske

Georg Piel i Viking redningsteneste på Stårheim seier at dei i løpet av vinteren har hatt 30-40 oppdrag med å hjelpe vogntog. Og dei fleste er utanlandske.

– Vi har hatt mykje køyring i år. Det går mest i å få vogntoga opp bakkane og enkelte treng hjelp til å komme seg opp av grøfta.

På det meste har dei hatt fem-seks oppdrag på ein dag.

Tener godt med pengar

Arild Tistel ved Førde Bilberging

TRAVELT: Arild Tistel ved Førde Bilberging har hatt mange oppdrag i vinter.

Foto: Simon Solheim / NRK

Dagleg leiar i Førde bilberging, Arild Tistel, seier at dei ikkje kan klage på denne vinteren. Med over 50 oppdrag på ein dag, tener dei godt med pengar.

– Vi kan ikkje klage, butikken går bra når det er slik vinter. Men vi jobbar jo veldig mykje, til alle tider på døgnet.

Frå november til i dag har dei hatt 67 utrykkingar til store køyretøy, der 34 har vore fastkøyringar eller utforkøyringar.

40 prosent auke

I desember var det 40 prosent auke i forhold til same månaden året før. Tistel tippar på at januar har hatt ein auke på omlag 30 prosent.

– Dei to siste vintrane har jo vore veldig forskjellige. I fjor kom den ikkje før etter nyttår, medan dei kom allereie i oktober denne sesongen.

– Vi må vere beinharde

Svensk vogntog sperrar vegen i Sogndalsdalen.

SPERRA VEGEN: Eit svensk vogntog hamna på tvers i Sogndalsdalen.

Foto: MMS-tipsar
Vogntog fast i Stigedalen

FAST I STIGEDALEN: Det blei lang kø då dette vogntoget ikkje kom seg opp.

Foto: NRK-tipsar

Felles for dei selskapa NRK har snakka med, er at dei ikkje slepp avgarde vogntoga før dei har fått bankgaranti for utlegga.

– Vi må vere beinharde, ellers har vi det gåande. Dermed får vi betalt, sjølv om det kan ta tid før vi har pengane våre.

Også Georg Piel på Stårheim seier dei er nøydde å vere strenge, og dette er Arild Tistel samd i.

– Dei utanlandske selskapa burde vore pålagde å ha forsikringsordninga, slik dei norske har, slik at redninga var dekka. Vi får pengane til slutt, men det går lang tid og vi må ofte vente lenge på skadestaden før vi har bankgarantien, seier Tistel i Førde bilberging.