Nordmann arrestert etter alvorleg hending i Spania

Ein mann i 50-åra frå Sogn og Fjordane er arrestert i Spania etter ei alvorleg hending på russetur til Mallorca.

Laster kart, vennligst vent...

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

Mannen skal ha vore med på turen som følgjeperson for ungdomane.

Hendinga skal ha skjedd på Mallorca. To russekull frå vidaregåande skular i fylket var på felles russetur på den spanske ferieøya.

Utanriksdepartementet stadfestar arrestasjonen, som skjedde torsdag.

– Vi er kjent med at ein norsk statsborgar er arrestert i Spania, seier Ane Haavardsdatter Lunde, pressetalsperson i Utenriksdepartementet, til NRK Sogn og Fjordane.

Ho ynskjer ikkje å gå inn på kvifor mannen sit arrestert.

Spansk politi på Mallorca etterforskar saka.

Kom heim laurdag

Russekulla kom heim til Noreg laurdag. Etter det NRK kjenner til, var mannen ikkje med i flyet heim og skal framleis sitje fengsla.

Ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt kjenner dei ikkje til saka enno.

Regionlensmannen i det aktuelle området russekulla kjem frå, stadfestar at politiet har fått informasjon om hendinga og arrestasjonen i Spania.

– Men vi har ikkje fått nokon offisiell førespurnad og då har vi ikkje moglegheit til å etterforske.

Heller ikkje regionlensmannen ynskjer ikkje å seie kva den alvorlege hendinga gjeld.

– Ikkje før me får oppmoding om hjelp. No prøver vi å ta vare på ungdomane som er tilbake frå turen, seier regionlensmannen.

Lensmannen stadfestar at hendinga skjedde på russetur.

Info til foreldre

Lensmannen i kommunen der det eine russekullet kjem frå, møtte laurdag kveld foreldra til russen.

– Det var eit ønske frå foreldra om informasjon og det har dei fått. Sjølve saka har vi ikkje detaljkunnskap om sidan den blir handtert av spansk politi, seier lensmannen.

Rektor ved ein av dei vidaregåande skulane skriv i ein SMS til NRK at han er på veg heim med ungdomane i bilen sin. Turen var ein privat tur i regi av russen. Rektor var med som russepappa.

– Eg kan stadfesta at det har vore eit forhold der politiet har vore involvert. Vi som foreldre kontakta dei instansane me meinte måtte kontaktast. Oppgåva mi som rektor, og skulen si oppgåve, vert å ta vare på ungdommane som var på tur, skriv rektoren.

Vakthavande hjå Kripos seier dei ikkje har høyrt om saka enno.