Hopp til innhold

Nordfjording gjorde underslag i eige idrettslag

Sogn og Fjordane tingrett har dømt ein mann frå Nordfjord til seksti timar samfunnsstraff etter at han underslo vel 200 000 kroner frå sitt eige idrettslag.

Dersom mannen ikkje gjennomfører samfunnsstraffa innan 120 dagar må han sone 45 dagar i fengsel. Mannen i 40-åra må også betale 40 095 kroner til idrettslaget i Nordfjord.

Overførte til eigen konto

Over ein periode på kring seks månader overførte mannen ved fleire høve pengar frå kontoen til idrettslaget til sin eigen konto. Totalt har nordfjordingen overført 205 000 kroner frå idrettslaget sin konto. Mannen tilstod forholda under første avhøyr med politiet, og tilstod også i retten.

Har betalt tilbake alt

At mannen tilstod verka i formildande retning for straffeutmålinga. Det gjer det også at mannen har betalt tilbake beløpet han underslo. Det meste blei betalt tilbake før underslaget blei oppdaga, og alt var ifølgje tingretten betalt tilbake lenge før politiet starta si etterforsking.

Vidare peiker retten på at saka har hatt nokså lang liggjetid, noko som også verkar i formildande retning.

Tok sjølv kontakt

Saka blei politimeld i juni 2016, og mannen tok same sommar sjølv kontakt med politiet fordi han ønskte å bli ferdig med saka. Retten finn det sannsynleg at mannen vil tilstått forholda alt då, om han hadde fått kome inn til avhøyr, og meiner den lange behandlingstida hos politiet har vore ei ekstra belasting for nordfjordingen.