Nordfjord Kjøtt politimeld av Arbeidstilsynet

LOEN (NRK.no): Nordfjord Kjøtt er politimeldt for fleire brot på arbeidsmiljølova. To av arbeidarane har fått stygge skader. Fleire arbeidarar tek no eit kraftig oppgjer med bedrifta, som går på heimebesøk når folk leverer eigenmelding.

Nordfjord Kjøtt er politanmeld av Arbeidstilsynet etter at ei arbeidar kappa av seg fingeren på ei defekt og farlig maskin. Fleire slovakiske arbeidarar fortel om arbeidstilhøva ved slakterigiganten. Nordfjord Kjøtt varslar gjennomgang av rutinane sine.

ALOJZ STEFKA MISTA FINGEREN: Arbeidstilsynet har politimeldt Nordfjord Kjøtt for alvorlege brot på Arbeidsmiljølova.

Høgt tempo, arbeidspress, overvaking av tilsette, og dårleg HMS er nokre av skuldingane.

Arbeidstilsynet har politimeldt Nordfjord Kjøtt for alvorlege brot på Arbeidsmiljølova. NRK har sett politimeldinga der tilsynet kjem med skarp kritikk av tilhøva ved verksemda. Tilsynet meiner mellom anna at manglande kontrollar, vedlikehald og manglande risikovurderingar må sjåast på som graverande lovbrot.

Nordfjord Kjøtt avviser på si side skuldingane. Dei seier dei tek ansvar for dei tilsette, og at dei har eit sterkt fokus på helse, miljø- og tryggleik.

– Dette er noko vi tek på største alvor, seier administrerande direktør Geir Egil Roksvåg ved Nordfjord Kjøtt.

Mange utanlandske arbeidarar

Fleire slovakiske arbeidarar har samla seg for å møte NRK i ei leilegheit i Stryn. Dei meiner verksemda behandlar utanlandske arbeidarar på ein dårleg måte.

Ein av arbeidarane manglar ein finger etter ei arbeidsulukke, det er denne hendinga som er politimeldt av Arbeidstilsynet. Ein annan arbeidar, Marek Veis, fekk alvorlege syreskadar, men Nordfjord Kjøtt melde aldri frå om uhellet til Arbeidstilsynet.

Nordfjord Kjøtt i Loen i Stryn har vel 400 arbeidarar. Svært mange er utanlandsk arbeidarar frå Slovakia. Nordfjord Kjøtt vil ikkje seie det nøyaktige talet utanlandske arbeidarar.

Geir Egil Roksvåg, som eig verksemda saman med familien sin, meiner at å gi opp talet er å skape eit kunstig skilje mellom nordmenn og slovakar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arbeidarar ved Nordfjord Kjøtt

SKULDAR NORDFJORD KJØTT: Arbeidarar ved bedrifta skuldar Nordfjord Kjøtt for mellom anna dårleg HMS og overvaking. Frå venstre: Jan Duracka, Jan Lakata, Alojz Stefka og Marek Veis.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Alojz Stefka mista fingeren

Eg gav lappen til arbeidsformannen, han kasta den rett i søpla. Eg fekk beskjed om å halde fram å jobbe med maskina

Alojz Stefka
Mista fingeren på Nordfjord Kjøtt

MASKIN TOK FINGEREN: Alojz Stefka fekk kutta av seg fingeren i maskina hos Nordfjord Kjøtt.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Nordfjord Kjøtt måndag 28. oktober i fjor: Alojz Stefka er komen tilbake frå ferie. Han går til sin faste arbeidsstasjon.

– På maskina finn eg ein lapp om at ei reim må skiftast ut, seier Stefka.

I tillegg, skulle det vise seg, var tryggingsmekanismen som skulle stogge ved inspeksjon, tapa over av ein kollega. Bedrifta skal ha visst om dette ifølgje Arbeidstilsynet, men ikkje retta opp feilen før Stefka starta å arbeide.

– Eg gav lappen til arbeidsformannen, han kasta den rett i søpla. Eg fekk beskjed om å halde fram å jobbe med maskina.

–Så måtte eg opne dekselet for å trekke ut ei skinke, maskina brukar vanlegvis å stogge, men denne gongen skjedde det ikkje, fingeren min blei kutta tvert av, seier Alojz.

Alojz Stefka la ifølgje Arbeidstilsynet sin rapport lagt merke til tapen over magneten, men gjorde som formannen sa og starta å arbeide.

– Eg følte meg tvungen til å jobbe med maskina, den skulle aldri vore brukt når tryggleiksmekanismen var defekt.

NRK har vore i kontakt med arbeidsformannen, som ikkje vil kommentere saka.

– Prioriterer HMS

Arbeidstilsynet meiner det er graverande at Nordfjord Kjøtt ikkje retta opp feilen. Hendinga kunne lett fått eit meir alvorleg utfall, Alojz Stefka kunne i praksis ha mista armen og fått livstrugande skader.

Vi tek med det alle uromeldingar knytt til HMS med største alvor.

Geir Egil Roksvåg
Geir Egil Roksvåg

KUNSTIG SKILJE: Administrerande direktør, Geir Egil Roksvåg, vil ikkje oppgje kor mange utanlandske arbeidarar som jobbar ved Nordfjord Kjøtt i frykt for å skape eit kunstig skilje mellom utlendingar og nordmenn.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Administrerande direktør Geir Egil Roksvåg er kjent med desse utsegnene, han ynskjer likevel ikkje å kommentere detaljane, fordi dei er ein del av ei politisak under etterforsking.

– Nordfjord Kjøtt har helse og tryggleik som fyrsteprioritet for våre tilsette. Vi tek med det alle uromeldingar knytt til HMS med største alvor, og vi vil no sikre at dei krava vi set til HMS-rutinar og arbeidstilhøva blir følgde, seier Roksvåg.

Bankar på dørene for å sjekke eigenmeldingar

Arbeidarane fortel at verksemda sjekkar eigenmeldingar ved å banke på dørene heime hjå arbeidarane. Dette stadfestar også Roksvåg.

– Veldig ofte er vi ute og kontrollerer folk som er sjuke, vi har også etter slike kontrollar sendt veldig mange til sjukehus, og eigentleg redda liv med å gjere det. Vi er også pålagde å gjere det ut frå arbeidsmiljølova, eller NAV då som også har kriterium på at vi skal følgje opp folk som er sjuke.

– Ligg det ein form for kontroll her, for å sjekke om eigenmeldingane er falske?

– Nei, eigentleg ikkje, dei fleste brukar den kvoten dei kan på eigenmeldingane, seier Roksvåg.

– Feil, seier Arbeidstilsynet

Tilsynsleiar Rune Joar Ravnestad i Arbeidstilsynet

HAR IKKJE HØYRT MAKEN: Tilsynsleiar Rune Joar Ravnestad har ikkje opplevd at arbeidsgjevar bankar på døra for å sjekke at tilsette er sjuke.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Men tilsynsleiar Rune Ravnestad ved Arbeidstilsynet i Sogn og Fjordane seier det er feil at ein er pålagde å gå på heimebesøk når ein tilsett leverer vanleg eigenmelding.

– Det er ikkje rett at ein ut frå Arbeidsmiljølova er pålagde å gjere heimebesøk. Lova seier ingenting om å gå heim når folk er sjuke. Det lova seier noko om er at ein skal følgje opp arbeidstakarar med sjukemelding og ha rutinar for dette.

– Har du høyrt om liknande?

–Nei, eg har aldri høyrt om noko slikt før. Om dei er samde med arbeidstakarane om at dette er greitt, er det ingen som kan forby det. Men då må det vere ei gjensidig og akseptert løysing med dei tilsette.

For få vernerundar

I Arbeidstilsynet si politimelding forklarar verneombodet at det berre blir gått to vernerundar kvart år.

Verneombodet har meldt frå om at det er for lite i ei så stor produksjonsbedrift, og at det bør gjerast minst ein gong i månaden. Eit problem er at fleire av dei tilsette ikkje har kultur for å varsle om feil.

Men Roksvåg seier det ikkje er rett at dei ikkje prioriterer HMS.

– No er dette ein del av ei politisak, vi får vente med å kommentere til vi kjem i den saka. Dette er ei sak som pågår.

Meiner Nordfjord Kjøtt må bøteleggast

Det er ein stor skilnad mellom korleis verksemda behandlar nordmenn og slovakar.

Alojz Stefka

Arbeidstilsynet ber om at politiet straffar Nordfjord Kjøtt. Bedrifta skal ha hatt manglande risikovurderingar, brote krav til verneinnretningar, og ikkje retta farlege feil før arbeidet vart sett i gong.

Alojz Stefka har gjennom advokat bedt om 150.000 kroner i erstatning, men kravet er ikkje imøtekome av Nordfjord Kjøtt. Også ein arbeidar som har fått omfattande syreskadar har framsett krav om 150.000 i erstatning.

Stefka og dei andre av arbeidarane NRK har snakka med meiner saka er ein del av eit mønster ved verksemda: Arbeidspresset er stort, det blir masa om tempo.

– Det er ein stor skilnad mellom korleis verksemda behandlar nordmenn og slovakar, seier Stefka.

(Saka held fram under bilete)

Nordfjord Kjøtt i Loen

LOEN: Nordfjord Kjøtt omsette i fjor for 2,2 milliardar kroner.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Nordfjord Kjøtt meiner arbeidsmiljøet er godt

Dagleg leiar ved Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg meiner det ikkje er riktig at dei ikkje prioriterer HMS.

– Vi fekk nyleg rapport frå ei arbeidsmiljøundersøking som ikkje gir nokon indikasjonar på arbeidspress og unødig overtidsbruk. Desse påstandane må vi rett og slett kome til botnen i. Den undersøkinga vi fekk utført av innleigd bedriftshelseteneste var svært omfattande og god.

Roksvåg, og dei to borna som han eig slakteriet saman med har tent gode pengar på å selje billeg kjøt til Rema 1000.

I fjor omsette eigarselskapet deira for 2,2 milliardar kroner, og hadde over 200 millionar i overskot før skatt. Omsetninga har vore raskt veksande år for år.

Roksvåg seier verksemda behandlar alle likt, og at det ikkje er skilnad på korleis nordmenn og slovakar blir behandla.

– Eg vil påstå at vi behandlar alle likt, anten det er nordmenn eller slovakar. Det er eg heilt trygg på.

– Beklageleg at dei er så negative

Roksvåg meiner dei stort sett har gode erfaringar med å satsa på utanlandsk arbeidskraft

– Erfaringa med utanlandske arbeidarar er god, stort sett.

– Men dette som her kjem av sterke skuldingar som blir ope framsett av ulike arbeidarar er kanskje ein nedtur?

– Vi synest det er ei trist sak alt i hop. Eg har aldri vore med på liknande, seier Roksvåg som er tydeleg ukomfortabel med at arbeidarar har gått til media med kritikk.

– Eg synest det er svært beklageleg at folk går ut og er så negative som dei er.

– Fryktar du økonomisk motiv?

– Eg skal vere forsiktige med å spekulere, men ein kan ha lov å tenke.

(Saka held fram under bilete)

Tilsette ved Nordfjord Kjøtt kritiserer tilhøva ved bedrifta

FÅR IKKJE KONSEKVENSAR: Nordfjord Kjøtt lovar at dei ikkje vil forfølgje dei som har gått ut mot bedrifta.

Foto: Ole André Rekkedal

Får ikkje konsekvensar for dei tilsette

Roksvåg seier han ikkje vil forfølgje dei som har gått ut mot Nordfjord Kjøtt.

– Nei, eg vil ha fred og fordragelegheit. Dette får ikkje konsekvensar, kva skulle det vere?

– Men når Arbeidstilsynet politimelder bedrifta di, blir ikkje du uroa for tilhøva i produksjonen?

– Det er klart det ikkje er stas, men vi veit ikkje detaljane enno. Eg håpar dei andre som jobbar her har eit betre forhold til arbeidsplassen sin enn dei som NRK har intervjua. Vi har ikkje fått ei kritisk røyst frå desse karane under arbeidsmiljøundersøkinga, etter det eg kan oppfatte, seier Roksvåg.

Arbeidstilsynet vurderer fleire tilsyn

Hjå Arbeidstilsynet vurderer dei ytterlegare oppfølging av Nordfjord Kjøtt.

– Nordfjord Kjøtt er ei stor verksemd, med ein del risikofylte arbeidsoperasjonar, det er klart dei har sine utfordringar, seier tilsynsleiar Rune Ravnestad.

Ravnestad vil ikkje uttale seg om inntrykket av korleis dei behandlar utanlandsk arbeidskraft.

– Det vil eg ikkje uttale meg om, vi gir våre inntrykk som pålegg til arbeidsgjevar.

– Har det vore mange pålegg?

– Ja, det har vore ein del pålegg til Nordfjord Kjøtt. Men det er ei stor verksemd som sysselset mange.

– Har det vore uvanleg mange pålegg?

– Det vil eg ikkje kommentere, seier Ravnestad.