Hopp til innhold

– Det følast heilt fantastisk, og litt vemodig

SOGNDAL (NRK): Med slipset på plass var studiekameratane klare for å feire at dei no kan leggje bøkene frå seg - i alle fall for i år.

Studentar klare for bachelorfest

LEVERT OPPGÅVE OG KLAR FOR FEST: Tage Pettersen (f.v.), Håvard Nilsen, Magnus Jacobsen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tusenvis av studentar i heile landet er dei neste vekene ferdige med studiane og klare for arbeidslivet.

Måndag kveld var mange studentar i Sogndal klare for bachelorfeiring og eksamensfest. Men tida før eksamen har vore prega av mykje naglebiting, og rein kos i det fin-fine vêret.

– Det har blitt mykje grilling. Eg har lest litt ute, men har blitt mange dagar inne på skulen. Då slepp eg å sjå det fine vêret når eg sit og les, seier Magnus Jacobsen.

Han har saman med Tage Pettersen og Håvard Nilsen studert eigedomsmekling i Sogndal. No er dei ferdige, og klare for nye utfordringar.

I desse dagar leverer tusenvis av studentar i heile landet sine siste oppgåver til høgskular og universitet. Med det seier mange takk og farvel til studietida, og går inn i arbeidslivet.

– Det følast skikkeleg herleg og heilt fantastisk, men litt vemodig.

Frida Haugsbakk, Siv Iren Hopen, Mari Wolff Nedberge og Ingunn Hofland har studert økonomi og administrasjon i Sogndal i tre år, men måndag var det slutt. Bacheloroppgåvene vart levert, og etter kveldens avslutningsfest er dei ferdig utdanna økonomar.

– Dei fleste reiser i morgon, så det er siste kvelden alle er samla. Det er litt rart å tenka på at me kanskje aldri ser mange av dei att, seier Haugsbakk.

– Vaska heller bilen enn å lesa

Margit Fjellengen og Anders Helle

BILEN VART REIN: ... då Margit Fjellengen eigentleg skulle lesa til eksamen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Været har vore strålande dei siste vekene, noko som har gjort at lesinga ikkje har gått like lett heile tida.

– Eg skulle eigentleg lesa til eksamen. I staden for la eg om dekk på bilen, og vaska den både innvendig og utvendig, seier Margit Fjellengen.

PROKRASTINERING: Å utsetja noko ein har bestemt seg for å gjera.

Klar for bachelor-fest

LEGG HØGSKULEN BAK SEG: Frida Haugsbakk (f.v.), Siv Iren Hopen, Mari Wolff Nedberge og Ingunn Hofland går frå Campus Sogndal på Høgskulen på Vestlandet for siste gong. I kveld er det bachelorfest med heile kullet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– No er det jobb som meklar som ventar på meg, seier Nilsen.

– Ei merkeleg kjensle

– Du har gått på skule sidan du var seks år gamal, korleis følast det å vera heilt ferdig med skule no?

– Det er ei merkeleg kjensle. Eg hadde eit jobbår etter vidaregåande skule, men det kan ikkje samanliknast med slik det følast no, seier han.

– Det kjennest veldig godt! Eg har jobba lenge for denne dagen, seier Pettersen, som skal ta nokre fleire fag før han seier seg ferdig med skulebenken for godt.

Måndag kveld er fleire studieløp samla til avslutningsfest. Jentene på Økonomi og administrasjon avsluttar opphaldet i Sogndal med ein fjelltur tysdag.

– Morgondagen blir nok litt slitsam, men i kveld blir kjempegøy, avsluttar dei på veg frå høgskulebygget mot sentrum for siste gong.

ngunn Hofland (f.v.), Frida Haugsbakk, Siv Iren hopen og Mari Wolff Nedberge

FESTSTEMTE: Ingunn Hofland (f.v.), Frida Haugsbakk, Siv Iren hopen og Mari Wolff Nedberge.

Foto: Sondre Dalaker / NRK